Hopp til hovedinnhold

Filmfestivalen 2008

H.K.H. Kronprins Haakon var til stades på Filmfestivalen i Haugesund måndag. Kronprinsen fekk med seg tre norske filmar under besøket.

19.08.2008

Det er den 36. gongen Filmfestivalen i Haugesund blir arrangert, og ni norske filmar står på programmet – fire spelefilmar og fem dokumentarar . I tillegg blir ei rekkje utanlandske filmar viste, blant anna prisvinnarar frå filmfestivalane i Berlin og Cannes.

Tre norske filmar

Den første filmen Kronprinsen fekk sjå, var dokumentaren "99 % ærlig", redigert av Rune Denstad Langlo. Filmen følgjer ungdommane Amina Sawali, Haji Saleenm, Assad Arif og Emir Mulasmanovic frå hip hop-gruppa Forente Minoriteter i arbeidet med plateinnspelinga deira.

I Festiviteten Konserthus fekk Kronprins Haakon sjå ei eiga vising av opningsfilmen på festivalen, "Den siste revejakta". Filmen skildrar narkotikamiljøet på 1970- og 1980-talet og er basert på ein roman av Ingvar Ambjørnsen. Regi: Ulrik Imtiaz Rolfsen.

Den siste av dei tre filmane denne dagen for Kronprinsen var festpremieren på "De gales hus", i regi av Eva Isaksen. Filmen er basert på Karin Fossums roman med same namn, om menneska på ein psykiatrisk klinikk. Det vart òg tid til eit møte mellom Kronprins Haakon og Eva Isaksen og skodespelarane frå De gales hus.

Kronprins Haakon er Den norske filmfestivalens høge beskyttar.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook