Hopp til hovedinnhold

Gjestebod for sjette gong

Torsdag kveld hadde Kronprinsparet invitert 60 gjester til gjestebod på Skaugum. Dette har vorte ein årleg tradisjon, som i år vart arrangert for sjette gong.

27.11.2009

Magasinet Erlik Oslo, Frelsesarmeen og Kirkens Bymisjon var samarbeidspartnarar i år. Alle jobbar på sin måte for å skape eit varmare, rausare og meir inkluderande samfunn. Dette var òg det tematiske fokuset for gjestebodet.

Gjestene var i hovudsak knytte til lågterskeljobbtiltaka til organisasjonane – som ”Lønn som fortjent” i regi av Bymisjonen – og ”Jobben” i regi av Frelsesarmeeen. I tillegg var mange seljarar av Erlik Oslo blant gjestene.

Innlegg og minikonsert

Nokre av gjestene heldt innlegg om korleis det å ha en jobb styrkjer kjensla deira av verdigheit – og om kor viktig det er å sjå kvarandre som heile menneske. Kvelden vart avslutta med ein liten konsert med Maria Solheim og bandet hennar.

Gjestebod

Gjestebod vart første gong arrangert på Skaugum i høve TV-aksjonen Hjerterom i 2004 – som gjekk til Kirkens Bymisjon og Rådet for psykisk helse. Sidan den gongen har Kronprinsparet invitert til dette kvar haust.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook