Hopp til hovedinnhold

Qatalum offisielt opna

I dag starta H.K.H. Kronprins Haakons offisielle besøk til Qatar og Dei sameinte arabiske emirata. Opninga av aluminiumsfabrikken Qatalum - eit viktig samarbeidsprosjekt mellom norsk og qatarsk industri - stod sentralt på programmet.

12.04.2010

Norsk industri har vore engasjert i Qatar sidan 60-talet, da særleg innanfor shipping og olje- og gassproduksjon. Handelen mellom Noreg og Qatar er i sterk vekst, og Kronprinsens besøk i spissen for ein stor næringslivsdelegasjon vil bidra til å styrkje relasjonene ytterlegare.

Qatalum

Kronprins Haakon og Emiren av Qatar, Den Høgvørde Sjeik Hamad bin Khalifa al-Thani, overvar den høgtidelege opninga av anlegget saman. Det vart lese frå Koranen og vist film som viste Qatalums historie, og flere heldt tale, blant anna næringsminister Trond Giske. Norske Helene Bøksle song under opninga, akkompagnert av ein qatarsk oudspelar – oud er eit lokalt strengeinstrument som kan minne om ein lutt.

Etter opningsseremonien fekk Kronprinsen og Sjeik Hamad ei omvising på anlegget.

Qatalum er ein av dei største aluminiumsfabrikkane i verda og er eit samarbeid mellom Norsk Hydro og Qatar Petroleum. Teknologien som blir nytta i smelteomnane, er Hydros eigen, utvikla ved forskingsavdelinga i Årdal. Denne forma for elektrolyseteknologi blir rekna som svært effektiv og meir miljøvennleg enn tidlegare omnar.

Det blir forventa at alle cellene i anlegget vil vere i drift innan 4. kvartal i år. Da vil anlegget ha ein kapasitet på 585 000 tonn pr. år og sysselsetje om lag 1100 menneske.

Den norske skolen i Qatar

Etter opninga av Qatalum besøkte Kronprins Haakon den norske skolen i Qatar. Her vart han vist rundt av rektor Tor Øisang og fekk møte dei norske barna som går på skole her. Barna hadde laga ei eiga framsyning som fortalde om livet i Qatar, både om skolekvardagen og kva dei gjer på fritida.

Den norske skolen ligg i industriområdet Mesaieed og har vore i drift sidan 1971. Aktiviteten ved skolen heng nøye saman med fabrikkane i området, og i dag har skolen 150 elevar, noko som det høgaste elevtalet sidan starten. No som Qatalum er ferdig, vil mange av nordmennene i Qatar reise heim, og skolen reknar med å ha langt færre elevar til hausten. Skolen er kjend for eit høgt fagleg nivå og er godkjend som norsk grunnskole.

Museum of Islamic Art

Qatars hovudstad Doha er arabisk kulturhovudstad for 2010, og Det islamske kunstmuseet står i sentrum for markeringa. I ettermiddag fekk Kronprins Haakon ei omvising på museet, som har som mål å vere verdsleiande på sitt område. Samlingane omfattar manuskript, kunst, handverk og edelsteinar frå tre kontinent, frå 600-talet og fram til det 19. hundreåret.

Den spektakulære bygningen ligg på si eiga øy og er teikna av den prislønte arkitekten Ieoh Ming Pei, som lét seg inspirere av islamsk arkitektur frå Cordoba til Samarkand under utforminga av museet.


Seinare i ettermiddag reiser Kronprinsen og følgjet hans vidare til Dei sameinte arabiske emirata.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook