Hopp til hovedinnhold

Møtte elevar i Skien

H.K.H. Kronprinsen besøkte Skien videregående skole onsdag i forkant av den landsomfattande markeringa av Global Dignity Day 20. oktober. Der har 160 vidaregåande skolar over heile landet sagt ja til å delta.

07.09.2011

Fleire av elevane ved skolen fortalde sterke historier om verdigheit og fekk stor applaus frå elevar, lærarar og andre gjester som hadde teke plass i gymsalen på avdelinga skolen har på Brekkeby i Skien.

Den første eleven som fekk presentere den sjølvopplevde historia si, var Sangeeta Kali. Ho fortalde om tanta si som fekk kreft, og om kor viktig det var å vere der for kvarandre. Trass i sjukdommen gav ho aldri opp og gav Sangeeta eit nytt syn på livet.

I over 40 land

Kronprins Haakon er sjølv ein av initiativtakarane til Global Dignity. Dei siste seks åra har det vorte gjennomført såkalla Dignity Days i over 40 land verda over.

Dignity Day er eit totimars kurs i verdigheit som skal bevisstgjere ungdom om kva verdigheit er, og korleis verdigheit vedkjem oss alle i kvardagen. I tillegg til to samlingar i plenum samtaler elevane i klasseromma. Kronprinsen leidde samtalane i ein av klassane.

I tillegg til elevar frå Skien videregående skole deltok ein klasse frå Rjukan på haustens første Dignity Day.

Rekrutterer frivillige rettleiarar

Det er andre året på rad Global Dignity Day blir arrangert på skolar i alle fylka i landet. Global Dignity Norge gjennomførte i fjor Dignity Day på 150 vidaregåande skolar, rundt 25000 elevar var med, og 1000 frivillige deltok.

Ei rekkje frivillige organisasjonar har teke på seg å rekruttere rettleiarar som skal leie samtalane med elevane i klasseromma 20. oktober. Telemark Røde Kors har teke på seg fylkesansvaret som arrangør av Global Dignity Day.

Dagen var ein del av opplæringa av vidaregåande skolar i Telemark som ønskjer å gjennomføre opplegget 20. oktober. I Telemark har fem skolar sagt ja til å delta.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook