Hopp til hovedinnhold

Polarmiddag på Skaugum

I kveld held Kronprinsparet middag for Parker Liautaud på Skaugum. Den unge polfararen vil fortelje om den nye ekspedisjonen sin og møte andre med kunnskap og erfaring frå arktiske forhold.

27.03.2012

I ein alder av 17 år står Parker Liautaud framfor den tredje ferda si til Nordpolen. Som polfarar og miljøaktivist er Liautaud ei klar stemme i kampen mot klimaendringar. I kveld fortel han om den kommande ekspedisjonen sin for Kronprinsparet og dei andre gjestene på Skaugum.

Ung leiarskap møter brei erfaring

Kronprinsparet ønskte å nytte dette høvet til å introdusere den unge polfararen for eit knippe personar med brei erfaring frå arktiske strøk. Liautaud møter både Erling Kagge, Liv Arnesen, Vegard Ulvang og Stein P. Aasheim, i tillegg til direktøren ved Norsk Polarinstitutt, Jan-Gunnar Winter. Ungt initiativ og leiarskap, støtta av erfaring og kunnskap frå dei som har gått før, er eit viktig prinsipp i Kronprinsparets arbeid med å leggje til rette for ungdom og deltaking for ungdom.

Parker Liautaud planlegg fleire ekspedisjonar, blant anna til Svalbard. Kronprins Haakon kunne fortelje om synlege teikn på klimaendringar etter at han besøkte Svalbard og Grønland som eit ledd i Polaråret 2007–2008, og har engasjert seg i arbeidet for å få klimaendringane under kontroll.

På vitskapleg grunnlag

Innsamling av vitskaplege prøver og data er et viktig ledd i arbeidet under Liautauds ekspedisjonar. I 2011 registrerte ekspedisjonen snødjupner på sjøisen rundt Nordpolen. Den kommande ekspedisjonen vil studere isotopar i snøen i samarbeid med Det internasjonale atomenergibyrået. Resultata vil bidra til kartlegginga av klimaendringane.

Det store forskingsfokuset er eit ledd i Liautauds arbeid med The Last Degree.

The Last Degree

The Last Degree er ein internasjonal organisasjon og kampanje som arbeider for at vitskaplege data og forsking skal utgjere grunnlaget for politiske avgjerder om klima og klimaendringar. Organisasjonen ønskjer å bidra til forståinga av prosessane som fører til klimaendring, og samtidig engasjere unge menneske i diskusjonen. Ung leiarskap er viktig på dette området, som vil ha så store konsekvensar for kommande generasjonar.

The Last Degree er særleg aktive i sosiale medium, og i 2010 var Liautaud den første nokosinne til å sjekke inn på Nordpolen gjennom Foursquare.
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook