Hopp til hovedinnhold

Appleton House

Kvar vinter reiste Dronning Maud til Appleton House i Norfolk, England. Huset låg i tilknyting til familiesetet på Sandringham gods, og her feira Dronninga fødselsdagen sin og deltok i julefeiringa saman med sin britiske familie.

På Appleton var ho omgjeven av mange av sine næraste og kunne vere tilnærma privatperson. Prins Alexander, vår seinare Kong Olav, vart fødd på Appleton House 2. juli 1903.

Bryllaupsgåva

Appleton House var ei bryllaupsgåve frå foreldra til brura, Prinsen og Prinsessa av Wales, da Prins Carl og Prinsesse Maud gifta seg i juli i 1896. Foreldra kan ha ønskt å leggje alt godt til rette for framtidige opphald i England av brureparet. Prinsen av Wales skreiv til den danske svogeren sin, Kronprins Frederik av Danmark: ”Eg har gjeve Maud og Charles eit lite hus, deira eigen landstad – omtrent ei (engelsk) mil herfrå – det vil alltid vere eit ‘pied a terre’ når dei kjem over til England. Dette veit eg dei vil setje stor pris på.”

Nokre månader før bryllaupet drog paret til Sandringham for å inspisere bryllaupsgåva. ”Jeg saa mit nye Hus. Det er meget nydelig”, skreiv Prins Carl i eit brev.

Dronning Maud kom til å elske huset. I 1899 skreiv ho i eit brev: ”Vårt vesle hus er det perfekte paradis, alt verkar som ein lykkeleg draum, at vi endeleg er her, det er så herleg og lyst, kvart einaste rom er så reint og friskt og tinga mine har vorte tekne så nydeleg vare på, for vi har to veldig flinke tenestejenter som alltid er her.”

Eigedommen Appleton

Appleton House var knapt noko ”vesle hus” etter dagens standard. Huset var på 2 ½ etasje og bygd i teglstein. Det hadde fire stuer i første etasje og tilsvarande i andre etasje, og dessutan rom til tenarskapet, i alt 20. Huset hadde vinterhage og sentralvarmeanlegg og stod fram som ein landsens idyll, dekt av villvin og eføy.

Eigedommen låg usjenert til, omgjeven av ein skogliknande park. Landskapet omkring var ope og bølgjande og innbaud til friluftsliv til hest eller på sykkel. Det var òg fullt av fine motiv for Dronning Maud, som var ein ivrig amatørfotograf.

Hageanlegg

Rundt huset hadde Prinsen av Wales anlagt ein hage, utforma etter tidas smak. Her var det runde, ovale, trekanta og firkanta rabattar med roser og rododendron. Her var langstrekte plenar og mannshøge hekkar av barlind og buksbom, med stiar imellom. Langs disse stiane likte Dronning Maud å spasere. ”I albuma etter henne er det atskillege fotografi der ein ser henne på einsleg vandring langs desse stiane – kledd i fotsid, kvit kjole og med sirleg løfta parasoll”, fortalde Kong Olav mange år seinare.

Bygdø Kongsgård

For Dronning Maud var hagen ein fristad og ein livslang kjærleik, og ho hadde store ambisjonar også for den norske hagen sin. Frå 1911 kom Dronninga sin gartnar på Appleton, Mr. Hubbard, årleg til Noreg og introduserte planter og stilelement frå den rådande engelske hagestilen, for å forme om hagen på Bygdøy Kongsgård etter tidas ideal.

I 2007 vart hagen på Bygdø ført tilbake til den stilen og plantningen Dronning Maud anla.

”The Queen’s empty House”

Appleton House eksisterer ikkje lenger. To dagar etter at Dronning Maud var bisett, skreiv Kong Haakon til Kong George VI og melde til han at tida var kommen for å gje Appleton House tilbake til den britiske kongefamilien. Dronninga hadde hatt eigedommen så lenge ho ønskte, slik Prinsen av Wales hadde sagt til henne da ho fekk han i 1896.

I mange år stod huset tomt. Dei siste kjende bebuarane var Kong George VI og Dronningmora, som budde i huset under besøk til Norfolk under den andre verdskrigen.

Under overskrifta ”The Queen’s empty House” skreiv ei avis i 1968 at det hadde vorte reist eit stort anlegg mot luftangrep rundt eigedommen under krigen, og dette var uvakkert og kostbart å fjerne. I tillegg ville det bli svært kostbart å setje eigedommen i ein slik stand at han vart mogleg å bu i.

I denne situasjonen var det uaktuelt å gjenopne Appleton House. Huset vart rive juli 1984.

14.11.2008

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook
På 1800-tallet var det å tegne og male ansett som en del av en ung dames dannelse. I De kongelige samlinger finnes en rekke akvareller og Dronning Mauds skissebøker fra 1880-tallet. Utover 1890-tallet dabbet tegningen av - kanskje fordi den kommende dronningen fikk en ny hobby: Fotografering. Kort dokumentar utarbeidet av NRK i samarbeid med De kongelige samlinger.
Relaterte lenker