Promoterte Noregs arbeid med kvinnehelse
D.H.K. Kronprinsesse Mette-Marit deltok i to paneldebattar om kvinners helse på dag to av besøket i Malaysia. Kronprinsessa besøkjer landet i samband med konferansen Women Deliver.
Den første paneldebatten var i regi av FNs aidsprogram UNAIDS og fokuserte på korleis unge kvinner – ikkje minst dei som sjølve er hiv-positive – kan bli mest mogleg involverte i prosessane.
Som ein del av innlegget sitt valde Kronprinsessa å gje ordet til tre av dei unge kvinnene ho snakka med på eit formøte for unge leiarar måndag. Dei trekte fram tre viktige punkt:
- Behovet for informasjon – gjennom obligatorisk seksualundervisning i skolen
- Behovet for å invitere ungdom inn i fora som reell ressurs, ikkje som symbolske representantar for ei gruppe
- Og til sist: Behovet for å snakke saman på tvers av generasjonar, i familiane, for å bryte ned dei kulturelle barrierane som hindrar kvinner verda over å bestemme over sin eigen kropp
Investering i jenter
Seinare på dagen deltok Kronprinsessa i ein debatt i regi av organisasjonen Population Services International (PSI) – med deltakarar frå helsesektoren globalt.
Den viktigaste bodskapen til Kronprinsessa var å styrkje samarbeid på tvers, ikkje minst mellom styresmakter og næringsliv. Ho trekte fram Noregs arbeid for å kjempe mot mødre- og barnedødelegheit.
Mottaking
Elles deltok Kronprinsessa tysdag på ein lunsj der statsministerfrua Datin Paduka Seri Rosmah Mansor var vertskap, og dessutan på ei mottaking for spesielt inviterte gjester i regi av Women Deliver. D.H.K. Kronprinsesse Mary av Danmark var òg til stades.
Aktuelle saker
Gratulerer med dagen!
Kongefamilien kunne hilse barnetoget i Oslo fra Slottsbalkongen i strålende vårsol i dag. Rundt 120 skoler går i toget i år, og jubileumsskolen Hovseter førte an.
Utnevnelse til St. Olavs Orden
H.M. Kongen har utnevnt artist, komponist, pianist og forfatter Ingrid Bjørnov, Tomter til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.