Hopp til innholdet

Støtta norske utøvarar i Rio

Det har vore nokre spennande dagar for H.K.H. Kronprins Haakon under sommar-OL i Brasil. Meisterskapen vart avslutta natt til måndag.

22. august 2016

Kronprinsen fikk se håndballjentene slå Nederland med 10 mål i bronsefinalen. Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix

Kronprinsen har fått oppleve ei rekkje sterke idrettsprestasjonar i løpet av dagane i Rio dei Janeiro. Først ute var kvalifiseringsheata i BMX der Tore Navrestad var med. Så følgde Kristian Blummenfelts innsats i triatlon, handballjentenes semifinale-thriller mot Russland og den påfølgjande bronsefinalen mot Nederland. Det vart høve til å følgje damenes tredje og fjerde runde i golf, der Suzann Pettersen og Marianne Skarpnord var i aksjon, og å sjå fleire spennande finalar på friidrettsarenaen – blant anna med Karoline Bjerkeli Grøvdal på damenes 5000 meter.

Kvinnenes mountainbike var den siste øvinga Kronprins Haakon fekk med seg.

Utanom arenaen

Kronprinsen fekk òg eit inntrykk av stemninga i OL-byen gjennom besøk hos norske idrettsfolk i deltakarlandsbyen og i det norske generalkonsulatet, der han blant anna kunne helse på fleire av dei norske seglarane. Eit besøk til den nye sjømannskyrkja i Rio vart det òg høve til. Ho er oppkalla etter Prinsesse Ragnhild og opna i 2014.

Sjå bilete frå Kronprinsens OL-besøk i galleriet til høgre.

OL i Rio

Kronprinsen fikk se håndballjentene slå Nederland med 10 mål i bronsefinalen. Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix
Jubel for norsk utligning og ekstraomganger mot Russland i damenes semifinale i håndball. Foto: Erik Johansen, NTB scanpix
Kronprins Haakon så Kristian Blummenfelt i aksjon i triathlon på Copacabana. Foto: Cornelius Poppe, NTB scanpix
Kronprins Haakon på Olympic Golf Course under kvinnenes tredje runde. Foto: Heiko Junge, NTB scanpix
Kronprins Haakon på besøk i deltakerlandsbyen - hilser på maratonløper Sondre Nordstad Moen. Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix
Et besøk til Sjømannskirken hører med. Kronprinsen sjekker vaffelstekingen. Foto: Øystein Engen, Det kongelige hoff