Hopp til hovedinnhold

Kronprinsparet i Mexico

Innsatsen mot ungdomsarbeidsløyse var tema for paneldiskusjonen som H.K.H. Kronprins Haakon deltok i tysdag 17. april. Kronprinsen er i Puerto Vallarta i samband med World Economic Forums regionale møte for Latin-Amerika.

18.04.2012

Det er utan tvil mange saker som eg vil skal bli tekne opp under dette møtet. Ei er ungdom. I Mexico er for eksempel meir enn 50 prosent av befolkninga under 27 år, så vi burde diskutere korleis denne enorme ressursen best kan brukast, sa Kronprinsen i ei videohelsing i forkant av konferansen

Heile videohelsinga er tilgjengeleg via peikaren til høgre (på engelsk).

Ungdom i arbeid

Nettopp ungdom var fokus for tysdagens paneldebatt. Diskusjonen handla om vonbrota og ambisjonane til dei unge, korleis fostre fleire entreprenørar og få til eit betre og tettare samarbeid mellom skole, næringsliv og styresmakter.

Kronprins Haakon innleidde til debatt og deltok i panelet saman med blant andre Mexico Citys utdanningsbyråd Mario Martin Delgado Carrillo, Andy Freire frå det argentinske entreprenørnettverket Endeavor, artist og gründer Francisca Valenzuela fra Chile og forretningsmannen José Galicot Behar. Leiaren for tankesmia Council of the Americas, Susan Segal, leidde debatten.

Vanskelege økonomiske tider rammar unge og sårbare grupper på arbeidsmarknaden spesielt hardt. I Argentina, Brasil og Uruguay utgjer dei unge utan jobb nesten 60 prosent av dei arbeidslause. I Paraguay utgjer dei bortimot 70 prosent.

Uansett kva du vil oppnå: få eit betre helsesystem, utrydde ekstrem fattigdom eller skape berekraftig vekst, så får vi langt meir gjort om vi greier å engasjere ungdom, sa Kronprinsen under debatten.

Fokus på ungdom

Kronprinsparet er engasjert i arbeid med ungdom og unge leiarar. Gjennom Kronprinsparets Fond ønskjer dei å støtte prosjekt som ser ungdom i ein sårbar livsfase – så dei kan utnytte sjansane sine og finne sin plass i samfunnet.

I januar samla Kronprinsparet eit sekstital unge leiarar heime på Skaugum i Asker med leiarskap og visdom som tema.

Kronprinsen co-chair

Alt på laurdag samla avdelinga i forumet for leiarar under 40 år – Young Global Leaders (YGL) – seg til møte i Puerto Vallarta, og det to dagar før det regionale WEF-møtet start. Den Høgvørde Kronprinsesse Mette-Marit har vore medlem av YGL-nettverket siden 2010 og følgte ei rekkje diskusjonar og møte fram til og med måndag.

Kronprinsen har ei meir sentral rolle i Mexico enn i tidlegare arrangement i regi av World Economic Forum. I ettermiddag deltek Kronprins Haakon på ein paneldiskusjon om neste generasjon av leiarar i Latin-Amerika på den siste dagen på konferansen. Kronprinsen deltek òg på ein Dignity Day på den amerikanske skolen i Puerto Vallarta under besøket i Mexico.

Store globale møte

World Economic Forums regionale møte for Latin-Amerika samlar 900 leiarar frå rundt 70 land. Deltakarane representerer styresmakter, næringsliv, det sivile samfunnet og forskings- og utdanningsinstitusjonar.

Den økonomiske veksten i Latin-Amerika dannar bakteppet for møtet i Mexico. I år vil regionen vere vertskap for fleire sentrale internasjonale konferansar. I 2012 leier Mexico G20, som består av dei 19 landa i verda med sterkast økonomi, i tillegg til EU. I slutten av juni går Rio+20, FNs konferanse om berekraftig utvikling, av stabelen i Rio de Janeiro i Brasil.
 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook