Sykla til jobben
H.K.H. Kronprinsessa tok sykkelen til jobb i dag. Saman med representantar for Sykle til Jobben-aksjonen og fleire andre profilar la Kronprinsessa ut på den to mil lange turen frå Skaugum til Slottet i dag tidleg.
Vel framme på Slottsplassen serverte Kronprinsesse Mette-Marit kaffi og bollar til medsyklistane sine. I morgon blir årets Sykle til Jobben-aksjon tråkka i gang over heile landet. Kampanjen blir arrangert for 39. år på rad, og den offisielle opninga skjer framfor Stortinget onsdag klokka 08.00. I 2011 deltok over seksten tusen arbeidstakarar, noko som var ei dobling frå året før.
Bruk reisevegen
Sykle til Jobben er Bedriftsidrettens uhøgtidelege konkurranse der målet er å få flest mogleg til å bruke reisevegen mellom jobb og heim til å vere fysisk aktive, det vere seg på sykkel, til fots eller på anna vis.
Det er ikkje så mykje som skal til før helsegevinsten er der berre 30 minutt dagleg, heiter det. Ved å utnytte situasjonar som vegen til arbeidet ei strekning dei fleste av oss uansett skal leggje bak oss til å vere fysisk aktiv, få ein betra si eiga helse samtidig som miljøet blir spart for utslepp frå bilar. I mange tilfelle er det både tid og pengar å spare òg.
Eg utfordrar …
For Kronprinsesse Mette-Marit starta sykkelturen på sett og vis rett før påske, da Skaugum deltok i energisparekampanjen Earth Hour. På Twitter lova Kronprinsessa å sykle til jobb dersom Kronprins Haakon skrudde av Macen. Fleire andre melde seg på, og både Jan Åge Fjørtoft, Marte Stokstad og Svein Tore Bergestuen slo i dag følgje med Kronprinsessa på turen frå Skaugum til Slottet.
Klikk for større bilde