World EXPO 2012
I dag opna H.K.H. Kronprins Haakon Norway Day ved Verdsutstillinga i Yeosu, Sør-Korea. Berekraftig forvaltning av kyst og hav, marin og maritim sektor, er temaet for World Expo 2012.
Det er venta at rundt åtte millionar menneske vil besøkje Verdsutstillinga, som er den 41. i rekkja sidan den første World Fair vart arrangert i London i 1851.
“The Living Ocean and Coast”
Temaet for årets utstilling er svært relevant for både Noreg og Sør-Korea, og Expo gjer det mogleg å profilere norsk kompetanse og norske bedrifter overfor eit søkkoreansk – og internasjonalt – publikum. Sør-Korea er eit viktig samarbeidsland for norsk næringsliv og Noregs tredje viktigaste handelspartnar i Asia.
25 148 Destination Norway
I dag opna Kronprins Haakon “Norway Day” på Expo. Kronprinsen kunne ønskje velkommen til den norske paviljongen og utstillinga 25 148 – der talet er den norske kystlinja i kilometer. Utstillinga søkjer å ta dei besøkjande på ei virtuell reise langs kysten vår.
Kronprinsen understreka relevansen årets Expo-tema har for Noreg slik:
Our presence here is based on three key facts:
- We manage our energy and natural resources in a sustainable, efficient and environment-friendly manner. The use of these resources is to benefit our entire population.
- Coastal states share a responsibility to manage their marine resources in a sustainable manner and to contribute to feeding the world's growing population.
- Norway’s high-tech maritime and petroleum industries are important parts of our economy. A long maritime and petroleum production experience and dedicated research have created an innovative industry in Norway that delivers world class technology.
Etter opninga fekk Kronprins Haakon høve til også å besøkje temapaviljongen «The Living Ocean and Coast», i tillegg til Sør-Koreas, Indonesias – og sjølvsagt Noregs – paviljongar. Kronprinsen deltok også på ettermiddagens møte i KNECC (Korean–Norwegian Economic Cooperation Committee), der representantar for norsk og koreansk næringsliv diskuterte grøn shipping og offshore petroleumsverksemd.
Ein offisiell middag avslutta programmet.
Næringslivskonferanse i Seoul
I morgon er Kronprins Haakon i Seoul, der han vil delta både på eit frukostmøte om grøn vekst og på ein konferanse der representantar for norsk og sørkoreansk maritim industri får høve til å diskutere felles utfordringar og interesser.
Kronprinsen vil òg vere til stades på ei promotering av norsk sjømat som skal haldast på Yongsan E-mart, før han avsluttar besøket i Sør-Korea.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.