Hopp til hovedinnhold

Maritimt fokus på fylkesturen

Kronprinsparet er i Møre og Romsdal på andre dagen, og i dag var det kommunane Herøy og Haram som står på programmet. I dag tidleg gjekk Dei Kongelege i land i sentrum av Fosnavåg.

25.05.2012

Prinsesse Ingrid Alexandra var òg med i Fosnavåg i dag. Streiken i skolane gjer at Prinsessa og Prins Sverre Magnus òg er med på fylkesturen.

Folkefest i sentrum

Det kongelege følgjet vart motteke på kaia, der det var rigga i stand underhaldning med musikk og talar. Deretter følgde ein tur med kvinneskipet Embla.

Skipet er bygd etter gammal tradisjon, og formålet med stiftinga er å fremje fred og internasjonal forståing gjennom regionalt og internasjonalt kultursamarbeid. Dei kvinnelege roarane frakta Kronprinsparet og Prinsessa trygt over hamna i dag.

Næringsbyen Fosnavåg

Herøy kommune ligg på åtte øyar ut mot havet mellom Ålesund og Stadt, og mykje av næringslivet er knytt til fiskeri, oppdrett, offshore og sjøfart. Fosnavåg vart kåra til Årets næringsby i både 2008 og 2011.

Kronprinsesse Mette-Marit gav Herøy kommune ros for innovasjon og nyskaping i næringslivet: 
Det er tre ting jeg har lyst til å løfte frem om Herøy her i dag. Det er: Betydningen av stimulerende konkurranse, satsing på ung arbeidskraft og til slutt: Bærekraftig ressursforvaltning.

Havilahuset

I dette særprega bygget i naturstein og glas held Havila Shipping til, ein del av den maritime klyngja i Møre og Romsdal. Klyngja er eit nettverk av over 200 bedrifter som gjennom konkurranse og samarbeid har hatt stor suksess som leverandørar av teknologi og utstyr offshore verda over. Dei sysselset om lag 20 000 og legg vekt på størst mogleg produksjon innanlands.

På Havilahuset fekk Kronprinsen og Kronprinsessa møte representantar for næringslivet i området og fekk ei orientering om fisket og offshoreverksemda, slik ho var, slik ho er, og slik ho kan bli.

Rundeskatten

Det siste besøket i Herøy gjekk til Runde miljøsenter. Forskingsstasjonen promoterer berekraftig teknologi innan fiskeri, fangst og energiproduksjon. Senteret ligg i eit freda og svært sårbart naturområde og bruker det fremste innan miljøteknologi. I 2011 vart den berømte Rundeskatten flytta hit, og i dag utgjer han ein viktig del av den permanente utstillinga.

I 1725 forliste det nederlandske handelsskipet Akerendam utanfor Runde, lasta med 19 kister gull- og sølvmyntar. Nesten 250 år seinare, i 1972, fann dykkarar myntar på havbotnen. Det resulterte i eit av de største myntfunna i Europa. 57 000 myntar – nesten eit halvt tonn – vart henta opp, og i dag fekk Kronprinsparet sjå ein del av den fantastiske skatten.

Bedriftsbesøk i Brattvåg

I ettermiddag kom Kronprinsparet til Brattvåg i Haram kommune, der det bar rett på bedriftsbesøk til Rolls-Royce.

Haram er den største industrikommunen i Møre og Romsdal. Dei fleste bedriftene er tilknytte verfts- og skipsutstyrsindustrien, og både store og små verksemder opererer internasjonalt.

Marindivisjonen ved Rolls-Royce er verdsleiande innan skipsdesign og utstyr til skip, og i Brattvåg har dei ei bedrift med over 500 tilsette. Her blir det satsa bevisst på lærlingar, som Kristine Fjørtoft Roald, som sammen med den erfarne operatøren Suad Selak kunne fortelje Kronprinsparet om produksjonen i Brattvåg. Selskapet har store delar av verdsmarknaden på større vinsjar til offshorenæringa.

Stort mangfold

Det bur menneske med bakgrunn frå meir enn 60 nasjonar i Haram, noko som sette sitt preg på miljøgata i sentrum av Brattvåg i ettermiddag. På vandringa si nedover gata fekk Kronprinsparet høve til å helse på fleire av dei frammøtte og stoppa både for ein afrikansk kaffiseremoni og ved Valaker bakeri.

Det vart eit spesielt møte med krigsveteranen Olav Rogne. Med sine 98 år er Rogne bygdas eldste og har helsa på både Kong Haakon og Kong Olav tidlegare.

I talen sin ved det avsluttande scenearrangementet peika Kronprins Haakon på det gode arbeidet med inkludering og integrering i kommunen:

Jeg vet at kommunen har utviklet et pilotprosjekt som handler om å kombinere aktiviteter i lokalsamfunnet med praktisk språkopplæring, lokal samfunnskunnskap og tiltak for inkludering. Resultatene er gode – og de aller fleste som har kommet hit er i ordinær jobb. Dette tror jeg kan være til inspirasjon for andre kommuner.

I kveld held Kronprinsen og Kronprinsessa mottaking om bord på Kongeskipet Norge. I morgon blir fylkesturen avslutta med besøk til Molde og Rauma.

Kronprinsparet og Prinsesse Ingrid Alexandra fikk en liten tur med Embla under besøket i Fosnavåg. Kronprinsparet besøker Herøy i forbindelse med parets fylkestur i Møre og Romsdal (Foto: DKH)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook