Hopp til hovedinnhold

Siste etappe av Fylkesturen

Kronprinsparet kom til honnørbryggja i Molde i dag tidleg, den siste dagen av fylkesturen i Møre og Romsdal. Med jazz og Streetparade vart Dei Kongelege følgde til det nye kulturhuset, Plassen.

26.05.2012

Streetparaden har vorte ein viktig del av Moldejazz og blir gjennomført kvar dag under festivalveka i juli. På denne måten tek unge musikarar og dansarar frå Molde del i festivalen. I dag førte paraden det kongelege besøket til taket på Plassen.

Jazzkonsert på Plassen

Plassen er Moldes nye kulturbygg og skal opne i sommar. Her skal både Teateret Vårt, Moldejazz, Bjørnsonfestivalen, Molde bibliotek og kunstnarsenteret halde hus under same tak. Det var gruppa Downwelling som underheldt Kronprinsparet på taket på Plassen med sin eigen musikk innan funky jazz. Trass i sin unge alder har dei fem musikarane alt opptredd ei rekkje gonger på Molde Jazzfestival og er godt kjende lokalt under det tidlegare namnet sitt, NoName.

Besøk hos Veksthuset

Ved Veksthuset på Glomstua får eit trettital misbrukarar hjelp og behandling for rusavhengigheita si. Det blir lagt stor vekt på open og direkte kommunikasjon i behandlinga, med fokus på bevisstgjering, meistring og sjølvrespekt.

Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit fekk snakke med både tilsette og pasientar under besøket i dag.

Ikkje langt frå Veksthuset står den berømte Kongebjørka i Molde. Det var her Kong Haakon og Kronprins Olav søkte tilflukt for tyske bombefly i april 1940. Biletet av dei to under bjørka vart eit viktig symbol på norsk motstand. Det er ikkje det same treet som står her i dag, men Kronprinsparet kunne besøkje staden og bjørka som Kong Harald planta her i 1992.

Baugpropellar hos Brunvoll

Ei omvising i produksjonslokala til hjørnesteinsbedrifta Brunvoll runda av besøket i Molde. Brunvoll eksporterer baugpropellar til heile verda, men legg stor vekt på å investere lokalt. Mens mange verksemder flaggar ut produksjonen sin, har Brunvoll med stort hell valt å byggje opp ein moderne produksjon i Molde. Verksemda er òg ein pådrivar for tettare samarbeid mellom industrien og vidaregåande skole. No er det fjerde generasjon Brunvoll som styrer den tradisjonsrike bedrifta, som blant dei mange leveransane sine òg har levert baugpropellar til Kongeskipet.

Med utsikt mot Trollveggen

Etter ei reise med bil og ferje kom Kronprinsparet til Vengjesdalen i Rauma kommune i ettermiddag. Toppen av Litlefjell var målet da Kronprinsen, Kronprinsessa, Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus la i veg saman med barn og vaksne frå området.

Det er ein relativt kort fottur, men med ei fantastisk utsikt. Stien slyngde seg opp fjellsida til toppen med storslått utsyn mot Trollveggen, Romsdalen og Åndalsnes. Oppe på Litlefjell vart det servert kaffi og ein matbit, og Kronprinsparet møtte media til eit avsluttande pressemøte.

Rauma har teke mål av seg til å bli «verdas beste kommune for naturglade menneske», noko Kronprinsesse Mette-Marit underskreiv på i talen sin i Åndalsnes etter turen:

Etter en fantastisk tur til toppen av Litlefjellet i dag, har i alle fall jeg blitt overbevist: Rauma er et unikt reisemål for alle som er glad i å ferdes i vakker natur. Tusen takk til alle som gikk til Litlefjellet sammen med oss!

Avslutta i Åndalsnes

Eit kulturarrangement med musikk og talar i sentrum av Åndalsnes avslutta den hendingsrike fylkesturen til Kronprinsparet i Møre og Romsdal.

Kronprinsessa avslutta med å takke for den varme mottakinga Kronprinsparet har fått alle stader under reisa:

Reisen har gitt oss sterke natur- og kulturopplevelser. Og ikke minst har vi hatt gleden av å møte og snakke med veldig mange spennende mennesker. Vi har satt stor pris på at så mange ville dele opplevelsene her i Møre og Romsdal med oss.

Takk.

 

Brunvoll satser tungt på å holde produksjonen i Norge og eksporterer baugpropeller til hele verden (Foto: Det kongelige hoff)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook