Hopp til hovedinnhold

Opna kyststiar i Troms

H.M. Dronninga avduka i dag ei informasjonstavle om nye og gamle stiar ved og i Skipsfjord landskapsvernområde. Dette markerte den offisielle opninga av kyststiane på Vannøya i Karlsøy kommune.
10.08.2012

Kyststiane på Vannøya legg til rette for vandringar i vill, vakker og unik natur, karakteristisk for dei ytre kyststrøka i Troms. Landskapet er eit kjent landemerke på norskekysten med urørt natur, kvite strender og mektige fjell.

Kyststiane er eit prosjekt i regi Ishavskysten friluftsråd. Det er tilrettelagt med skilt og tavler som har som mål å gjere Skipsfjord – som vart det første landskapsvernområdet i landet i 1978 – betre tilgjengeleg.

I 2004 vart det registrert 72 fugleartar og 12 artar pattedyr i Skipsfjord landskapsvernområde.

Opning på bygdehuset

Dronning Sonja kom til nordaustsida av Vannøya med Kongeskipet Norge og vart følgd av småbåtar på veg inn til hamna i Kristoffervalen.

Rundt klokka 11 fredag føremiddag la sjaluppen frå Kongeskipet til småbåthamna, der Dronninga vart ønskt velkommen av hamnesjef Jan-Hugo Sørensen. Dronning Sonja fekk ei kort orientering om skuta Brottsjø av leiar Robin Bottolfsen i Brottsjø kystlag, før følgjet køyrde vidare til bygdehuset i Vannavalen, der den offisielle opninga av kyststiane vart gjennomført.

Fleire hundre menneske hadde funne seg til rette på bygdehuset på Vannøya med flagg, kaffi, brus og fiskeburgarar. Det vart kulturelt innslag ved Ringvassøy musikkorps, før ordførar Hanny Ditlefsen og styreleiar i friluftsrådet Mona Pedersen heldt sine talar. Dronninga stod for opninga av kyststiane ved å avduke ei informasjonstavle.

Kulturvandring på Karlsøya

Etter opninga vandra Dronningen langs den første delen av kyststien til Perolsavika, der ho vart servert historier frå tida da folk levde sine liv der, av bygdebokforfattar Håvard Dahl Bratrein og historieforteljar Ellinor Elvevoll. Mange av innbyggjarane vart med på vandringa.

Tilbake ved bygdehuset fekk Dronninga ei omvising i ei kunstutstilling med dei fire kunstnarane Hanne Nilsen, Berit Paulsen, Willy Wilhelmsen og Karin Schjølberg, som alle har ei tilknyting til området. Sistnemnde er ein lokal glaskunstnar på Reinøya som òg har laga fatet som Dronninga fekk i gåve frå Karlsøy kommune i høve besøket. Klippfisk frå Vannøya følgde òg med.

 

Dronning Sonja åpnet de nye kyststiene på Vannøya i Karlsøy kommune i Troms i august 2012 . Etter at den nye informasjonstavlen var avduket, la Dronningen og innbyggerne ut på tur sammen (Foto: Det kongelige hoff)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook