Hopp til hovedinnhold

Luftmakt i 100 år

I dag markerte Forsvaret 100 år med militær luftfart med eit stort flyshow over Rådhusplassen i Oslo. Hans Majestet Kong Harald overvar tilstellinga frå ordførarbalkongen i Oslo Rådhus.
01.09.2012

Etter ei høgtideleg markering i Rådhushallen, der både ordførar Fabian Stang, forsvarsminister Espen Barth Eide, generalmajor Finn Kristian Hannestad og forsvarssjef Harald Sunde stod på talarlista, var det tid for dagens store høgdepunkt: eit stort flyshow over Rådhusplassen i Oslo.

Flyshow

Tusenvis var møtte fram på Rådhusplassen, festningsvollane og andre utsiktspunkt rundt Oslo hamn for å få med seg hendinga. Kong Harald og alle dei frammøtte fekk sjå overflygingar og formasjonar der ei rekkje flytypar, frå dobbeltdekkaren Bleriot frå 1912 til dagens F-16, deltok. Publikum kunne òg følgje med i opplevingane til testpilot Eskil Amdal som vart kringkasta via scenen på plassen mens han utførte høghastigheitskunstane sine.

Tilstellinga kunne òg skilte med gjesteartistar frå det franske luftforsvaret, som deltok med ni Alpha Jet frå oppvisningsteamet deira Patrouille de France.

Flyframtid

Mens fortida og samtida til Luftforsvaret viste seg fram i lufta, kunne publikum sjå nærare på framtida nede på Rådhusplassen. Ei utstillingsutgåve av dei nye kampflya F-35 var tilgjengeleg for befaring for for alle dei nysgjerrige.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook