Hopp til hovedinnhold

Forfremjing i St. Olavs Orden

H.M. Kongen har forfremja kabinettssekretær Berit Tversland til Storkors av Den Kongelege Norske St. Olavs Orden for fortenestefullt virke i Kongefamiliens teneste.

19.09.2012

 

Berit Tversland har vore tilsett ved Det kongelege hoffet sidan 1977 og har sidan 2000 vore kabinettssekretær. 


Ho går no over i pensjonistane sine rekkjer.

 

 

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter