Hopp til hovedinnhold

Siste Dignity Day før 17. oktober

Om tre veker blir Global Dignity Day markert verda over. Som ein del av oppkøyringa vart det arrangert Dignity Day på Atlanten vidaregåande skole i Kristiansund tysdag. Den Høgvørde Kronprinsen leidde dagen.

26.09.2012

Sandra var første elev som delte si verdigheitshistorie med 400 medelevar. Sjå hennar historie i videoreportasjen til høgre.

Reportasjen er laga av medieelevar på Kristiansund vidaregåande skole. Elevane fekk i oppdrag å dokumentere dagen med bilete og video.

Over 1000 rettleiarar

Kronprins Haakon leidde samtalen i eit av klasseromma saman med rettleiarar frå blant anna Noregs Røde Kors, politistudentane, Handel og Kontor og Kristiansund kommune. 17. oktober blir Global Dignity Day arrangert på vidaregåande skolar over heile landet. 30 000 elevar, 150 vidaregåande skolar og 1400 frivillige rettleiarar er med.

Det er framleis mogleg å registrere seg som frivillig på www.globaldignity.no innan 1. oktober.

Global Dignity Day

Atlanten vidaregåande skole var ein del av oppkøyringa til årets Global Dignity Day. Arbeidet med å gjennomføre dagen i Møre og Romsdal blir leidd av Noregs Røde Kors. I tillegg til Altanten deltek fem skolar i fylket: Herøy, Borgund, Sunndal, Tingvoll og Sykkylven vidaregåande skole.

Formålet med det totimars skoleopplegget er å bevisstgjere ungdom på kva verdigheit er – og korleis verdigheit vedkjem oss alle i kvardagen. Verdigheitshistorier står sentralt i opplegget. Det er også vesentleg at elevane sjølve definerer verdigheitsomgrepet og kva det betyr for dei. Over 40 land og fleire hundre tusen elevar deltek i år.

 

Reportasje fra Dignity Day på Atlanten videregående skole 25. september 2012 (Foto: Kristiansund videregående skole)

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook