Slaga på Re
I dag besøkte Hennar Majestet Dronninga Re kommune i Vestfold for å lære og delta i dei arkeologiske utgravingane som pågår i samband med prosjektet «Slagene på Re».
Dronning Sonja vart vist rundt på feltet der utgravingane skjer, og fekk ei grundig orientering om arbeida av Kjersti Jacobsen, som leier Slagene på Re-prosjektet.
Med støvlar og metalldetektor
Dronninga fekk òg prøve å leite sjølv. Etter ei kort innføring og opplæring frå formannen i Norges Metallsøkerforening, Per Kristian Bjor, kunne Dronning Sonja gjere eige søk på Linnestad søndre – med funnet av ei patron som resultat.
Thorvald Hillestad, som er ordførar i Re, deltok òg i leitinga i dag. Han fann ein tiøring i sølv frå 1890 med monogrammet og valspråket til Oscar II. Dronninga fekk mynten i gåve av ordføraren, til minne om dagen.
Etterpå vart det servert mellomalderlunsj mens leiaren av Kulturarv i Vestfold fylkeskommune, Terje Gansum, orienterte om arbeidet dei driv.
Slaga på Re
Det er Snorres kongesoger og den enda eldre Fagrskinna som er kjeldene som ligg til grunn for utgravingane på Re.
Sogene fortel at det braut ut borgarkrig i Noreg etter at Sigurd Jorsalfare døydde i 1130. Uklare reglar om tronfølgja, sosiale forhold og maktkamp mellom konge og kyrkje resulterte i ein lang periode med konflikt og uro, blant anna mellom birkebeinarane og baglarane, som støtta ulike tronpretendentar.
Re vart åstad for to blodige slag i 1163 og 1177 – begge omtalte i Snorres Heimskringla.
11 000 metallgjenstandar
Med utgangspunkt i sogene vart det gjort kart- og stadnamnundersøkingar, og prosjektet Slagene på Re vart starta opp i 2007.
I løpet av fem vekers feltarbeid i 2010/11 vart store delar av jorda på Linnestad, Klopp, Solberg og Ramnes prestegard gått over med utstyr som metalldetektor, magnetometer og georadar. Til saman er det teke inn rundt 11 000 metallgjenstandar frå desse områda.
Målet er å bidra til ny kunnskap om slaga som stod her, og om mellomalderen i Vestfold og Noreg. Identitetsbygging og verdiskaping er også viktige omsyn, og prosjektet har delteke både i etableringa av Re mellomalderdagar og i å lage Noregs første arkeologiske utstilling på eit kjøpesenter (på Retorvet).
Frå 2011 vart det faglege samarbeidet med Slottsfjellmuseet om formidling av arkeologiske funn forsterka.
Aktuelle saker
Dugnadsdykk i Tromsø
Den Høgvørde Kronprinsen møtte dugnadsdykkarar frå Tarevoktere og følgde deira arbeid med å fjerne kråkebollar og atterreise tareskog – eit av jordas viktigaste økosystem.
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.