Hopp til hovedinnhold

50 år for internasjonal forståing

I går kveld var Hennar Majestet Dronning Sonja til stades under seminaret som markerte 50-årsjubileet til United World Colleges (UWC). Jubileet vart feira i Oslo Rådhus.

13.10.2012

Kunnskapsminister Kristin Halvorsen var òg til stades, saman med representantar for leiinga i UWC og elevar – og tidlegare elevar – frå svært mange ulike nasjonar.

UWC er ei utdanningsrørsle som samlar ungdom frå heile verda for å fremje internasjonal forståing og berekraftig utvikling. Elevane blir valde ut uavhengig av religion, hudfarge og økonomisk evne. Kvart år blir 40 norske 16-åringer sende ut i verda, fordelte på dei 12 UWC-skulane.

Skule i Fjaler

Ein av desse skulane ligg i Fjaler kommune. Dronning Sonja har vore beskyttar av UWC Røde Kors Nordisk over mange år. I 1995 opna Dronninga den norske skulen saman med Dronning Noor av Jordan og har sidan besøkt skolen i Fjaler ei rekkje gonger. Det er om lag 200 elevar frå meir enn 90 ulike nasjonar ved skolen her.

Sidan den første UWC-skulen opna i Wales i 1962, har 50 000 elevar gått på UWC internasjonalt. 1090 av dei er norske.

Is The World Coming Together or Falling Apart?

På 50 år har verda vorte mindre – men behovet for å samarbeide på tvers av landegrensene har vorte større. UWC ville bruke jubileet til å diskutere korleis utdanning kan vere med på å løyse utfordringar som global oppvarming, fattigdom og krig. Jubileumsseminaret inviterte derfor til paneldebatten «Is The World Coming Together or Falling Apart?».

I panelet sat Jan Egeland frå Human Rights Watch i Europa, den nederlandske journalisten Linda Polman, Mads Berdal, som er professor ved King’s College i London, Behrang Miri, artist, rappar og samfunnsdebattant frå Sverige, og Asle Toje, forskingssjef ved Det Norske Nobelinstituttet.

Etter debatten heldt diskusjonen fram i samtalegrupper.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook