Hopp til hovedinnhold

Tv-aksjonskomiteen på Stovner

Om to dagar er det klart for årets tv-aksjon. Den Høgvørde Kronprins Haakon besøkte torsdag Stovner Frivillighetssentral, der det vart jobba aktivt med å verve dei siste bøsseberarane og planleggje den store aksjonsdagen.

19.10.2012

Kronprinsen vart vist rundt på frivilligsentralen av byaksjonsleiar Agnethe Kristin Mikkelsen i Oslo og komitéleiar Emilie Rygh Hestness.

Det lukta vaflar og kaffi. På borda låg Amnesty-buttons med slagordet for årets tv-aksjon, «Stå opp mot urett». Inst i rommet hang eit banner med påskrifta «Å elske er en menneskerett». På borda jobba frivillige med å registrere og verve nye bøsseberarar, fargeleggje og dele inn i roder og klargjere ID-kort.

Fleire bøsseberarar

For at alle husstandar i Noreg skal få besøk søndag 21. oktober, er aksjonen avhengig av 100 000 bøsseberarar. I fjor mangla Stovner bydelskomité 30 bøsseberarar for å kunne få besøkt alle. Torsdag hadde komiteen registrert like mange bøsseberarar som roder. Dei mangla berre 20 for å ta unna for det vanlege forfallet på sjølve aksjonsdagen.

I tillegg til å få eit innblikk i dei siste førebuingane før aksjonsdagen fekk Kronprinsen ei orientering av byaksjonsleiaren om pilotprosjektet til komiteen på Stovner, der målet er å skape engasjement for tv-aksjonen på tvers av kultur og etnisitet.

Vaffel og kaffi

Etter omvisinga vart det tid til å teste ut årets vaffelrøre som bøsseberarar får servert på søndag. Sigrid Wisløff og Kristen Lindgaard frå «60+»-gruppa ved frivilligsentralen hadde steikt vaflar og kokt kaffi til Kronprinsen og dei frivillige på sentralen. Kvar torsdag møtest mellom 50 og 70 personar i alderen 60+ for å gå tur og ete god mat saman. Wisløff brukte god tid til å fortelje om kor flott Stovner var, og om dei gode skiforholda i Lillomarka.

Amnesty

Inntektene frå årets tv-aksjon går til Amnesty og det viktige arbeidet deira for menneskerettar verda over.

Kronprinsen er beskyttar for årets tv-aksjon og deltok blant anna på eit kickoffarrangement for aksjonen på Tjuvholmen 9. oktober. Der fortalde blant anna tidlegare politisk fange Ali Saki si sterke historie om tortur i fengsel og om håpet som vart tent i han da Amnesty engasjerte seg i saka hans.

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook