Julegudsteneste
Hans Majestet Kongen, Hennar Majestet Dronninga og Kronprinsfamilien deltok ved høgmessa i Holmenkollen kapell 1. juledag. Tanta til Kongen, Prinsesse Kristine Bernadotte, var òg til stades.
Dei kongelege vart mottekne på kyrkjetrappa av forrettande prest Marit Skjeggestad, som også følgde Kongefamilien inn i kapellet. Det er tradisjon at Kongefamilien er til stades ved gudstenesta i Holmenkollen kapell 1. juledag når dei er på Kongssetra i jula.
Under gudstenesta stod organist Petter Amundsen, Holmenkollen barne- og ungdomskor og sopran Katharine Frogner Kockum for dei musikalske innslaga. Prest Marit Skjeggestad heldt preika si etter Johannesevangeliet 1. kapittel versa 1 til 14.
Gudstenesta vart avslutta med salmen «Jeg synger kvad».
Aktuelle saker
Utnevnelse til St. Olavs Orden
Hans Majestet Kongen har utnevnt lege, programleder og artist Trond-Viggo Torgersen, Bergen, til Kommandør av Den Kongelige Norske St. Olavs Orden.
Dugnadsdykk i Tromsø
Den Høgvørde Kronprinsen møtte dugnadsdykkarar frå Tarevoktere og følgde deira arbeid med å fjerne kråkebollar og atterreise tareskog – eit av jordas viktigaste økosystem.