Hopp til hovedinnhold

Ny regent i Nederland

D.K.H. Kronprinsen og Kronprinsessa var til stades da Kong Willem-Alexander og Dronning Maxima vart formelt innsette som Konge og Dronning av Nederland i ettermiddag.

30.04.2013

Tidlegare i dag underteikna mor til Kongen abdikasjonsdokumentet under ein seremoni på Det kongelege slottet i Amsterdam. Dronning Beatrix hadde da regjert Nederland i 33 år. Frå i dag blir ho titulert Den Høgvørde Prinsesse Beatrix.

Høgtideleg seremoni

Sjølve innsetjingsseremonien vart halden i Amsterdams Nieuwe Kerk. Kongelege frå heile verda var til stades da den nye Kongens gjorde eid og heldt sin første formelle tale som Nederlands Konge. Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit sat mellom Arveprinsparet frå Liechtenstein og Belgias Tronfølgjarpar. Seremonien i kyrkja vart følgd av kunstnarlege innslag.

Tusener følgde seremonien

Etter innsetjingsseremonien køyrde det nye Kongeparet i prosesjon gjennom gatene i Amsterdam. Overalt var det møtt fram mange menneske for å sjå det heile.

På slottsplassen følgde fleire tusen oransjekledde nederlendarar abdikasjonsseremonien på storskjermar. Knapt ein halvtime etter at han hadde vorte monark, steig Kong Willem-Alexander ut på balkongen saman med Dronning Maxima, etter å ha vorte introdusert av Prinsesse Beatrix. Kong Willem-Alexander takka mor si. Ho heldt sonen og svigerdottera i hendene, og dei tre song med da nasjonalsongen vart spelt.

Blir avslutta i kveld

Dagen vil bli avslutta med ei stor festframsyning og middag i Operaen i kveld. I forkant er det lagt opp til ein båttur langs nokre av dei mange kanalane i Amsterdam.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook