Kronprinsen på sjukehuskongress
H.K.H. Kronprins Haakon var til stades ved opninga av Oslo2013 den 38. "World Hospital Congress" i dag.
Oslo2013 samlar leiarar, politikarar og fagleg personell frå heile verda for å utveksle erfaringar og best practice frå sjukehussektoren. Meir enn 1000 deltakarar frå over 40 land er til stades i Oslo Spektrum 18.–20. juni.
Moderne teknologi og moglegheitene han gjev for betre tilgang til helsetenester for alle, står høgt på agendaen under årets kongress. Direkte overføring av ein operasjon fra St. Olavs hospital i Trondheim – "the Operating room of the Future" – er eitt av fleire element i diskusjonen rundt dette temaet.
Detlakarane kan følgje foredragshaldarar frå ei rekkje land i Afrika, Amerika, Asia og Europa. Blant innleiarane på kongressen er blant anna Margaret Chan, generalsekretær i Verdas helseorganisasjon (WHO), helse- og omsorgsminister Jonas Gahr Støre og Seth Berkley frå organisasjonen Gavi Alliance.
Verdsomspennande
Sjukehuskongressen blir arrangert kvart andre år på ulike kontinent – førre gong i Dubai. Sist gong kongressen vart arrangert i Noreg, var i 1979. Da var det Kong Olav som stod for opninga.
International Hospital Federation står bak kongressen. Dette er ein verdsomspennande organisasjon der Noreg, gjennom Norsk sykehus- og helsetjenesteforening (NSH), er medlem. Alle helseføretaka i landet er medlemmer i NSH.
NSH står som hovudarrangør av årets kongress med støtte frå alle regionale helseføretak som sponsorar og medarrangørar. Det same gjeld Helsedirektoratet og universitetssjukehusa, som alle er involverte i programmet.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.