Hopp til hovedinnhold

«I see rainbows»

H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit var i kveld til stades på opninga av utstillinga «I see rainbows» på galleriet Kunstplass 5 på Grünerløkka. Kronprinsessa fekk blant anna eit møte med fotografen Zanele Muholi frå Sør-Afrika

20.06.2013

Bileta til Zanele Muholis frå serien «Faces and Phases» er ein sentral del av utstillinga. Fotografia set fokus på eit viktig tema – undertrykking og vald mot homofile i Sør-Afrika.

40 år gamle Muholi er ein prislønt sørafrikansk fotograf som utforskar svart kvinneleg seksualitet og kjønn gjennom foto og filmar.

Beskyttarskap

Kronprinsessa vart invitert til å oververe utstillingsopninga av Forum for kvinner og utviklingsspørsmål (FOKUS). Gjennom beskyttarskapen sin har ho følgt arbeidet til organisasjonen gjennom fleire år. FOKUS har saman med Landsforeningen for lesbiske, homofile, bifile og transpersoner (LLH) og Studentenes og akademikernes internasjonale hjelpefond (SAIH) jobba for å få denne utstillinga på plass i Noreg.

Kronprinsesse Mette-Marit vart teken imot utanfor galleriet av dagleg leiar Gro Lindstad i FOKUS, leiar Bård Nylund i LLH og SAIH-leiar Anja Bakken Riise. Gallerieigar Vibeke Hermansrud ønskte alle dei frammøtte velkommen, før Zanele Muholi fortalde historia bak verka sine.

27 kunstnarar – sju land

Dette skriv utstillingskurator Bjørn Hatterud avslutningsvis om utstillinga, som har som mål å opne opp for båsane for homokulturen:

Neste gang du ser en regnbue kan du prøve å se etter overgangene mellom fargene vi er vant til å oppfatte. Først når du ser at de egentlig flyter over i hverandre har du fått øye på hele spekteret.

Det samme gradvise mangfoldet finner vi igjen over alt. Let, finn og verdsett mangfoldet. Se kunst og bli inspirert. Enten du er mann eller kvinne, hetero eller homo, eller er en av de som ikke føler seg bekvemme i noen av disse båsene.

Utstillinga inneheld verk av 27 kunstnarar frå sju land og vil stå fram til 20. juli 2013.

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook