Hopp til hovedinnhold

Dronninga i Hardanger

Laurdag opna Hennar Majestet Dronning Sonja turstien ved "Heng 766" i Ullensvang herad, 1100 meter over havet. Panoramastien ber Dronninga sitt eige namn.

30.06.2013

Opninga skjedde i fjellet mellom Kinsarvik og Lofthus, i eit område med fantastisk utsikt over fire fjordar. Dronninga har gått denne turen fleire gonger tidlegare – både til fots og på ski. Merkinga av stien med blå D-ar har den lokale Lions-klubben stått for, etter instruksjonar frå Dronninga.

Ordførar Solfrid Borge heldt opningstalen, og Maria Digranes stod for det musikalske med "Vestland, Vestland". Dronning Sonja sette signaturen sin på eit papir, slik at han seinare kan inngraverast i stein og plasserast her oppe.

Om turstien

Det tek mellom fire og seks timar å gjennomføre turen, som startar ved Røte, om lag seks kilometer frå Hotel Ullensvang.

Ein kan sjå langt under vandringa: til Sørfjorden, Odda, Folgefonni og Eidfjord. Ein kan sjå over til Utne og Kvanndal og inn fjorden mot Kinsarvik. Den sørlege delen av stien går gjennom det som er blitt kjent som "Munketrappene". Her er 616 trappetrinn i stein som gjerne blir tilskrivne cisterciensarmunkar som heldt til her i mellomalderen.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook