Hopp til hovedinnhold

Besøkte Forskingsdagane

H.K.H. Kronprinsessa besøkte Forskingstorget i Oslo i formiddag. Forskingsdagane er ein landsomfattande festival der forskings- og kunnskapsbaserte institusjonar viser fram verksemda si på nye og spennande måtar.

20.09.2013

Under Forskingsdagane kan alle som vil, få høyre om og oppleve forsking, og forma har fjerna seg langt frå den tradisjonelle presentasjonsforma til forskarar – foredraget. Arrangementa spenner frå demonstrasjonar, foredrag, utstillingar og debattar til omvisingar, torg-, kultur- og interaktive evenement. Dei aller fleste er gratis.

På Universitetsplassen i Oslo var det duka for eit breitt spekter av aktivitetar. Heile 40 utstillarar tilbyr ny lærdom gjennom aktivitetar og eksperiment.

Frå hjernen til fjordbotnen

Administrerande direktør i Forskingsrådet Arvid Hallén viste Kronprinsesse Mette-Marit og kunnskapsminister Kristin Halvorsen omkring på Forskingstorget. Dei fekk oppleve eit breitt spekter av tema:

Hos "Miniforskeren" fekk Kronprinsessa vere med under eit av eksperimenta til Forskerfabrikkens Hanne Finstad, og ved Forskingsrådets store akvarium fekk Kronprinsessa ei orientering om botnforhold og invaderande artar i Oslofjorden.

Doktorgradsstipendiat Gry Fluge Vindedal fortalde Kronprinsesse Mette-Marit om hjerneforsking ved bua til Norsk senter for molekylærmedisin. Hos senter for historisk forsking fortalde stipendiat Siv Ringdal om kvinneutvandringa frå Noreg til Brooklyn etter den andre verdskrigen og samanlikna dagens innvandring til Noreg med utvandringa den gongen.

Utstrekt forskingsformidling

Festivalen har som mål å skape begeistring og forståing for forsking og formidle kva forskinga og forskingsresultata betyr for oss i vårt daglege liv. Han viser samanhengen mellom forsking, innovasjon og næringsliv og vil gjerne bidra til å rekruttere unge til forskingsrelaterte yrke. Barn og ungdom er såleis ei viktig målgruppe. Arrangørane ønskjer òg å vekkje media si interesse for forsking og forskingsresultat.

I år er «Hav og vatn» hovudtemaet. Vatn er grunnlaget for alt liv og dekkjer 70 prosent av jordas overflate.

Formidlingstradisjon

Dei første Forskingsdagane vart haldne i 1995 på initiativ frå Noregs forskingsråd. Festivalen har utvikla seg til å bli Noregs største arena for allmennretta forskingsformidling, med lokale arrangement over heile landet. I 2004 runda festivalen 1000 arrangement i regi av over 200 arrangørar. Han merkjer seg ut også i europeisk samanheng med den geografiske og faglege breidda si.

Forskingstorget i Oslo er det største enkeltarrangementet. Det blir arrangert av Universitetsalliansen OSLO, som består av Høgskolen i Oslo og Akershus, Universi­tetet for miljø- og biovitenskap og Universitetet i Oslo.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook