Hopp til hovedinnhold

Teater i 100 år

I dag var Hans Majestet Kong Harald til stades på Det Norske Teatrets 100-års jubileum. Jubileet vart feira i mykje meir ordna former enn opninga for hundre år sidan.

06.10.2013

Det starta med Konge, Stortingspresident, statsminister og ei rekke statsrådar på plass i salen då teppet gjekk opp for opningsframsyninga «Jeppe paa Berget» i 1913. Ludvig Holbergs stykke var oversett til nynorsk av Arne Garborg, eller landsmål som det het den gongen. Det utløyste store demonstrasjonar og slagsmål.

«Det Norske Teatret 1913-2013»

«Den gamle draumen om eit landsmålsteater som kunne setje dagsorden i hovudstaden, var blitt røyndom – i langt større grad enn målfolket nokon gong hadde sett for seg. Det blodige teaterslaget måndagskvelden og hundrevis av demonstrerande ungdomar i Kristiania-gatene tysdagskvelden blei framsidestoff i alle dei store avisene.» Dette skriv Alfred Fidjestøl i boka «Trass alt. Det Norske Teatret 1913-2013». 

I dag blei Kong Harald ynskja velkommen på Sehesteds plass av styreleiar Nina Refseth og teatersjef Erik Ulfsby. Det vart lest ein prolog av Jon Fosse, framført av Gjertrud Jynge. Nina Refseth, Hadia Tajik og Erik Ulfsby haldt talar, i mykje meir ordna former enn under opninga for hundre år sidan.

«Slagsmaalteatret»

Den gongen meinte hovudstadsungdommen at «maalteatret» med urette kalde seg Det Norske Teatret. Ordspelet «Slagsmaalteatret» blei raskt etablert. Den tredje dagen eskalerte omfanget av uroa inne i teatersalen. No var det ikkje berre lyd, men òg peppar, nysepulver og heimelaga bomber av hydrogensulfid som blei strødd frå galleriet. Etter framsyninga venta fleire tusen demonstrantar i gatene utanfor teatret. Det har blitt anslått en folkemengd på opptil 12.000, som stod tett utanfor Bøndernes Hus og i Rosenkrantzgata.

I dag fekk Kongen sjå festframsyning på Det Norske Teatret, før følgjet gjekk ut til Rosenkrantzgata. Her vart det avduka ein plankett, og leiaren i Vennelaget, Ragnhild Sælthun Fjørtoft og leiaren i Bondeungdomslaget, Kari Bøyum, haldt tale.

46 demontrantar  arresterte

Den fjerde dagen etter åpninga i 1913 torde ikkje initiativtakar Hulda Garborg lengre å sitje i salen. Oskar Braaten følgde henne ut ei bakdør som førte ut i Arbeidergata, ei folkerom og roleg gate. Her høyrde dei bruset frå massane som regjerte Karl Johan og Rosenkrantzgata. Først nede ved Fredriks gate ved Slottsparken vard et mogleg å krysse gata, og kome seg ned til Vestbanestasjonen. «Etter framsyninga kom publikum ut til det som skulle bli den verste opprørsnatta i heile det vekelange teaterslaget. Verdens Gang anslo mengda til 20.000. Kristiania hadde i september 1913 253.000 innbyggarar. Politiet hadde køller og pisker, og gjekk ikkje av vegen for å bruke dei. 46 demonstrantar blei arresterte.»

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter