Hopp til hovedinnhold

Norges bryteforbund 100 år

Denne helga feirar Norges bryteforbund 100-årsjubileet sitt. Hans Majestet Kongen vil vere gjest under kveldens markering i bankettsalen i Oslo Rådhus.

25.10.2013

Jubileumsmarkeringa samlar ei rekke profilar i brytarmiljøet. Mange vil kjenne att namna på norske gullvinnarar fra EM, VM og OL, som brørne Jon og Lars Rønningen, Tore Hem, Gudrun Høie og Håkon Øverby.

Det blir festtalar ved ordførar Fabian Stang og Tom Holmen, president i Norges bryteforbund.

Første kamp i 1894

Ifølgje Norsk Brytesport saga frå 1939 kan den første offisielle brytekampen utkjempa av ein norsk utøvar tidfestast til 1894. Det skjedde i Gøteborg, der Karl Johan Haagensen vart utropt til Skandinavisk Champion.

Noreg har hatt med deltakarar i bryting i alle olympiske leikar i moderne tid. Blant dei største bryteaugneblinkane våre er utan tvil Jon Rønningens gull i både 1988 og 1992. 

Forbundet veks fram

I Noreg vart profesjonelle brytekampar populære rundt 1900, og særleg var sirkusdirektøren Karl Norbeck ein føregangsmann. Amatørbryting vart først organisert 1908–09 i Bergen Atletklubb og i Ørnulf i Oslo. Sistnemnde arrangerte det første amatørstemnet og tok initiativet til danninga av Norges bryteforbund i 1913, til 1920 under namnet Norges Atletforbund, der også boksing var organisert.

I 2011 hadde forbundet rundt 7000 medlemmer fordelte på 54 klubbar over heile landet. I kvinnebryting vart det første norske stemnet arrangert 1980 og offisielt NM fra 1990.

Kong Harald trente bryting gjennom to år på Krigsskolen.

 



Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter