Hopp til hovedinnhold

Imponert over Lærdal

Natt til søndag vart 40 bygningar totalskadde i brannen. I dag møtte Kongen og Dronninga innbyggjarar og redningsmannskap i Lærdalsøyri. Kongeparet var imponert over både profesjonelle hjelparar og gode naboar.

23.01.2014

– For det første må vi vere takknemlege over at det ikkje gjekk med menneskeliv når ein ser kor dramatisk det må ha vore den natta, sa Kong Harald. – Det andre som slår meg, er korleis dei forskjellige etatane og vanlege folk har samarbeidd om å løyse dei problema som oppstod – og fekk det beste ut av det. Og det er nok ein av grunnane til at det ikkje gjekk med menneskeliv her er i det heile. Det er ganske imponerande å høyre kor godt samhald det var og framleis er her i Lærdal.

Dronning Sonja framheva òg samarbeidet som hadde fungert så godt på tvers av kommunegrensene. Å sjå dei forferdelege branntomtene gjorde størst inntrykk under besøket, fortalde Dronninga, som òg sa seg imponert over pågangsmotet og viljen til å sjå framover blant dei som er ramma.

Innleiande orientering

Kongeparet kom til Lærdal med helikopter i føremiddag. Dei reiste direkte til Villakssenteret for ei orientering om brannen og om sløkkings- og redningsarbeidet.

Etter ei innleiing ved ordførar Jan Geir Solheim fekk Kongen og Dronninga høyre om arbeidet frå både lensmannen, brannsjefen og representantar for Sivilforsvaret og Raudekrossen. Rådmann Alf Olsen orienterte om kva som vil skje i Lærdal i tida framover.

Ordføraren hadde ei gåve til Kongeparet. Det var boka «Lærdal sett ovanfrå – verdas vakraste flyreise» – og sånn skal det bli igjen, lova ordføraren.

Møtte elevar

Etter orienteringa reiste Kongen og Dronninga vidare til Lærdalsøyri skule for eit møte med lærarar og elevar. Rektor Ivar Fykse følgde Kongeparet til klasse 8b, der Kong Harald og Dronning Sonja fekk snakke med elevane om opplevingane og minna frå brann-natta.

Det var et hyggeleg møte, fortalde Kongen.

Omvising i brannområdet

Kongeparet fekk ei omvising i brannområdet. Ordførar Solheim og brannsjef Gaute Johnsgaard følgde Kongen og Dronninga på vandringa, som òg førte dei til eit hus som står uskadd tilbake midt i øydelegginga.

Her møtte Kong Harald og Dronning Sonja familiar som har mista heimane sine i brannen.

Avslutta på Lærdal sjukehus

Det tre timar lange besøket vart avslutta på sjukehuset i Lærdal. Om lag 400 av innbyggjarane har vore til legeundersøking etter brannen, og rundt 100 har fått behandling etter å ha pusta inn røyk.

Utanfor sjukehuset møtte Kongen og Dronninga media og fortalde om inntrykka sine frå besøket.

Godt kjend

Kongeparet har besøkt Lærdal ved fleire høve, og Kongen er spesielt godt kjend her. Kong Haralds store interesse for fluefiske har ført han til Lærdalselva mange gonger. Det var òg Kong Harald som stod for den offisielle opninga av Villakssenteret i 1996.

 

 

 



Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook