Hopp til hovedinnhold

Pris for beste forskningsartikkel

I går kveld kunne H.K.H. Kronprinsessa dele ut prisen for beste forskingsartikkel innan rusmiddel og psykisk helse til Pål Surén. Surén har vist at folsyretilskot under graviditet gjev lågare risiko for å føde barn med klassisk autisme.

05.02.2014

Elverumsingen Pål Surén mottok pris og heider under konferansen «Sammen for fremtidens forskning» i Trondheim i går. Surén vart heidra for artikkelen «Association Between Maternal Use of Folic Acid Supplements and Risk of Autism Spectrum Disorders in Children», som vart publisert i The Journal of American Medical Assosciation i februar 2013.

Artikkelen omtaler ein studie som indikerer at kvinner som tek folsyretilskot frå fire veker før til åtte veker etter starten av eit svangerskap, kan ha 40 prosent lågare risiko for å føde barn med klassisk autisme. Studien har teke utgangspunkt i den norske mor-og-barn-undersøkinga (MoBa) og autismestudien (ABC-studien). Studien inkluderte MoBa-deltakarar fødde i 2002–2008 og omfatta totalt 85 176 barn.

Saman for framtidas forsking

Konferansen «Sammen for fremtidens forskning» blir arrangert av forskingsprogrammet Psykisk helse og Rusmiddelforskning og inngår i strategien for å lage møteplassar for dei som er opptekne av forskinga på dette viktige området. Her blir det skapt nettverk mellom forskarar og forskingsmiljø, og kunnskap om feltet blir spreidd både nasjonalt og internasjonalt.

Det er ein konferanse der forskarar sjølve tek aktivt del, både med resultata sine, med idear og med framtidige forskingsprosjekt.

Prisutdeling

I Trondheim var det leiaren av konferansen, professor Hans Nordahl, som ønskte deltakarane velkommen, før dei oppmøtte fekk sjå eit kunstnarleg innslag ved Satere Aude. Administrerande direktør i Forskingsrådet Arvid Hallén heldt opningstalen med grunngjeving for prisutdelinga. Etter at Kronprinsessa hadde overrekt prisen, heldt vinnaren Pål Surén foredrag om forskainga si.

Forskingsprisen blir delt ut kvart år som ei anerkjenning for eit viktig fagleg bidrag innanfor rusmiddelforsking og/eller psykisk helse. Det kan eksempelvis vere forsking på rusmiddel, tilstandar eller førebygging som er publisert eller godkjend for publisering i form av ein artikkel.

Kriteria for prisen er blant anna at artikkelen skal vere publisert i løpet av siste kalenderår, vere av god kvalitet og bidra til ny kunnskap eller endra praksis.



Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook