Hopp til hovedinnhold

Mellom to stolar

Dei fleste som har eit rusproblem, har òg eit psykisk helseproblem. I dag var H.K.H. Kronprinsessa til stades under opninga av den 6. nasjonale kongressen om rus og pyskisk helse – ein arena der fagfelta møtest.

10.02.2014

Fagfelta rus og psykisk helse er i ferd med å møte kvarandre. Dei fleste som har eit rusproblem, har òg eit psykisk helseproblem. Derfor vil samhandling vere eitt av fleire sentrale tema på kongressane

Samlar ulike fagfelt

Kongressen er ein viktig møteplass for fagfolk som ønskjer å formidle ny kunnskap, men òg for fagfolk som ønskjer å høyre om ny forsking og erfaring. På den måten blir kongressen ein arena for utveksling av kunnskap, erfaring og synspunkt, noko som igjen kan bidra til eit betre og breiare kunnskapsgrunnlag.

Opninga

Kongressleiar Lilleba Fauske kunne ønskje velkommen til den 6. kongressen med fokus på dobbeltdiagnoseproblematikken rus og psykisk helse. Det er første gong kongressen blir arrangert i Oslo, etter ti år i Trondheim.

Igor Rybak stod for eit musikalsk innslag, før helse- og omsorgsminister Bent Høie heldt innlegg om regjeringas politikk innan rus og psykisk helse framover.

Program

Mange sentrale og kunnskapsrike personar er inviterte til å presentere viktig kunnskap under kongressen, blant anna direktør for Helsetilsynet Jan Fredrik Andresen, professor dr.juris. Aslak Syse og assisterande helsedirektør Øystein Meland, som avsluttar kongressen onsdag 12. februar.

80 fagpersonar vil presentere oppdatert kunnskap i plenum, fagsesjonar og parallellsesjonar. 500 deltakarar frå heile landet er med. Nesten 60 kommunar og 20 helseføretak er representerte, i tillegg til fylkesmannsembeta, fag-, brukar- og interesseorganisasjonar, private behandlingsinstitusjonar og høgskolar/forskingsmiljø.

Breitt samarbeid

Kongressen er eit samarbeid mellom Faglig Forum som teknisk arrangør og Helsedirektoratet, Nasjonalt Folkehelseinstitutt, Oslo kommune, SERAF, SIRUS og Høgskolen i Oslo og Akershus, som alle har vore representerte i programkomiteen.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook