Hopp til hovedinnhold

Vinterfestspel i Bergstaden

I kveld opna Hennar Majestet Dronninga Den femte årstid – Vinterfestspillene i Bergstaden. Det er 16. gong det blir arrangert internasjonal kammermusikkfestival på Røros.

13.03.2014

– Da eg var her for 14 år sidan, vart eg fortald at Vinterfestspela hadde som mål å bli ei nasjonal hending. De har vist at med eit sterkt kunstnarleg apparat og ein hærskare av frivillige har de ikkje berre nådd dette målet, men òg etablert gode kunstnarlege kontaktar og publikumsband i både inn- og utland, sa Dronning Sonja i ei opningshelsing til festivalen.
– Eg ønskjer dykk lykke til med dei 16. festspela og med framtidige festspel i «Den femte årstid».


Den femte årstid

I Bergstaden vart det introdusert ei heilt eiga årstid i 1999. Ho kjem i midten av mars, «som gyldne drypp av dage i tidens frosne hender», og ber med seg lyden av kammermusikk, lukta av vår og lys over vintervidda.

Dronning Sonja overvar opningskonserten Med fakkel og timeglass. Han starta med urframføring av Basunengelens fanfare ved Wolfgang Plagge, som òg urframførte Lydbilde I basert på Harald Sohlbergs Efter snestorm. Lillegaten Røros.

Etter helsinga frå Dronninga heldt konserten fram med tolkingar av både Sjostakovitsj og Mussorgskij, Bach og Schubert, Ravel og Stenhammar.

Konserten vart avslutta med Johan Falkbergets Bergmanns-Salme, tonesett av Carl Gustav Sparre Olsen. Han vart framført av Trio Mediæval, Olav Mjelva, Erik Rydvall og Oslo Strykekvartett – med støtte av orgel og allsong.


Historiske Røros kyrkje

Røros kyrkje, Bergstadens Ziir, er hovedscenen på festivalen og åstad for opninga i kveld:
– Ei ekstra glede er det å komme hit, no som alle gode krefter gjennom år har brukt kunnskapen sin, tida si og ressursane sine til å restaurere, pusse opp og utstyre denne eineståande kyrkja! sa Dronninga i talen sin.

I morgen held Dronning Sonja fram besøket sitt på Røros, blant anna med ei omvising i denne spesielle kyrkja og ei orientering om det store restaureringsarbeidet som er gjort.


Dronningen åpnet Vinterfestspillene i Bergstaden, Den femte årstid, i Røros kirke under åpningskonserten "Med fakkel og timeglass". Foto: Julie Alexandra Lie Pau, Det kongelige hoff

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook