Hopp til hovedinnhold

Avslutta i Ho Chi Minh-byen

I dag avslutta Kronprinsparet det offisielle besøket sitt til Vietnam. Norske verksemder og sjansen for auka næringssamarbeid mellom Noreg og Vietnam stod øvst på agendaen.

21.03.2014

Den siste dagen av besøket var lagt til Ho Chi Minh-byen. Dette er Vietnams største by med om lag sju millionar innbyggjarar. Byen var hovudstad i Sør-Vietnam under namnet Saigon frå 1954 til 1975.  Kronprinsen og Kronprinsessa møtte leiaren av People's Committee of Ho Chi Minh City, Le Hoang Quan, i dag.

Forhandlingar om frihandelsavtale

Kronprins Haakon starta dagen med eit møte om forhandlingane som er i gang om ein frihandelsavtale mellom Vietnam og EFTA-landa. Etter planen skal forhandlingane sluttførast før året er omme, og bli eit positivt bidrag til vidare vekst i næringssamarbeidet mellom Noreg og Vietnam.

Nye kontor for Det Norske Veritas

Det Norske Veritas – DNV GL – opna nye kontor i Bitexco Tower i dag. Kronprins Haakon deltok under opninga saman med næringsminister Monica Mæland, som òg heldt opningstalen.

DNV GL er godt etablert i Vietnam, blant anna med fleire skipsverft. Dei har om lag 60 tilsette i Vung Tau og Ho Chi Minh og meiner sjansen er god til å utvide – særleg innanfor olje- og gass-sektoren. Med desse nye kontora samlar DNV GL dei ulike satsingane sine i området under same tak.

Gjenforeiningspalasset

Kronprinsparet fekk òg høve til å besøkje Gjenforeiningspalasset (Reunification Palace) – eit landemerke i Ho Chi Minh-byen. Det var her presidentane i Sør-Vietnam hadde setet sitt, og det var her ein tanks om morgonen den 30. april 1975 braut ned hovudporten – og markerte slutten på Vietnamkrigen.

I dag er palasset eit populært mål for tusenvis av besøkjande.

Næringslivslunsj

Kronprinsparet slutta seg til næringslivsdelegasjonane til lunsj. Det har vore mykje verdifull kontakt mellom representantar for norsk og vietnamesisk næringsliv desse dagane, noko Kronprins Haakon understreka i talen sin: 

– Starting in the political capital of Hanoi, and moving on to the cultural capital of Hue, we will end our visit in what is often described as Vietnam’s commercial capital – Ho Chi Minh City. We are very happy to be gathered here in the historic Reunification Palace. Business partners from our two countries are sharing tables and exploring options for deepened cooperation and partnerships.  (…)

This visit has given Norwegian companies a wonderful opportunity to share experiences and engage with Vietnamese businesses – forming new partnerships in one of the most promising markets in Asia.

Besøkte norske bedrifter

Kronprinsparet avslutta Vietnam-reisa med å besøkje to norske verksemder som er etablerte i Mekongdeltaet. EWOS leverer fiskefôr til lokale oppdrettsanlegg, mens Pharmaq blant anna produserer vaksine for oppdrettsfisk.

Tidlegare på dagen var Kronprinsparet til stades ved signeringa av ein samarbeidsavtale mellom Pharmaq og landbruksdepartementet i Vietnam. Avtalen gjer at Pharmaq kan utvikle vaksine til fleire oppdrettsartar i eit tett samarbeid med styresmaktene og deira organisasjonar. 
– Med denne samarbeidsavtalen tek vi eit viktig skritt vidare i eit felles mål om ei framtidsretta, berekraftig vietnamesisk oppdrettsnæring, uttalte Pharmaqs Morten K. Nordstad.

Under ettermiddagens besøk fekk Kronprins Haakon og Kronprinsesse Mette-Marit sjølve prøve seg på vaksinering av fisk.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook