Hopp til hovedinnhold

Noreg er Havet

I dag var H.M. Kongen til stades da Norsk Maritimt Museum opna jubileumsutstillinga si «Norge er Havet». Museet går nye vegar og tilbyr stor grad av interaktivitet og deltaking i den nye utstillinga si.

03.04.2014

I dag blir 90 prosent av varene i verda frakta over havet. Denne utstillinga handlar om norsk skipsfart og maritim verksemd i nyare tid og inviterer til diskusjon om framtida.

Nye vegar

Museet går nye vegar med utstillinga, som markerer 100-årsjubileet deira. Maritim kompetanse og samtid blir spegla på ein heilt ny måte gjennom denne utstillinga, som breier seg over fem hundre kvadratmeter.

Nysgjerrige blir bydd på mange sjansar til å delta og prøve ferdigheitene sine gjennom spel og simulator. Ved hjelp av programvare utvikla av Kongsberg Maritime og DNV GL får publikum ein smak på korleis simulatorteknologi blir brukt i moderne opplæring.

Oppgåver og opplevingar

På «Sjøens motorveg» kan ein konkurrere om å vere den dyktigaste skipsreiaren og sjå kven som klarer å transportere bilar og råvarer over verdshava – mest mogleg økonomisk og miljøvennleg. Eller ta vanskelege avgjerder i møte med piratar og stormar.

I «Det elektriske akvariet» kan ein få ei heilt spesiell undervassreise i selskap med sjøanemonar og fiskestimar.

Opningshelg

Opninga av «Norge er Havet» blir markert på Norsk Maritimt Museum heile helga. Laurdag får ein sjansen til å ta skipsførarbeviset i eit basseng med radiostyrte båtar og eller ta ein tur i teikneverkstaden.

Søndag held Barnas båtverkstad ope mellom 12.00 og 15.00.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook