Hopp til hovedinnhold

Offisielt besøk frå Belgia

DD.MM. Kong Philippe og Dronning Mathilde av Belgia er på offisielt besøk i Noreg. DD.MM. Kong Harald og Dronning Sonja er vertskap for besøket og ønskte det belgiske kongeparet velkommen i går kveld.

30.04.2014

Kong Philippe etterfølgde Kong Albert II på den belgiske trona 21. juli 2013, da Kong Albert abdiserte. Saman med Dronning Mathilde reiser han no på vennskapsbesøk til land som står Belgia nær. Dei kom til Oslo i går kveld direkte frå Stockholm etter eit offisielt besøk til Sverige.

Stortinget

Stortinget stod først på agendaen for Kong Philippe og Dronning Mathilde i dag. Kongeparet vart mottekne av stortingspresident Olemic Thommessen og gjorde eit kort besøk i stortingssalen før dei hadde nærare samtalar med stortingspresidenten.

Frå Stortinget gjekk turen til regjeringskontora for å ha eit møte med statsminister Erna Solberg. 

1814 på Folkemuseet

Etter besøka hos stortingspresidenten og statsministeren reiste Det belgiske kongeparet til Folkemuseet på Bygdøy, der Kong Harald og Dronning Sonja tok imot dei. Om lag 80 barn med norske og belgiske flagg hadde òg møtt fram i borggarden for å ønskje velkommen.

Konservator Monica Mørck leidde Dei kongelege gjennom grunnlovsutstillinga «1814 – Spillet om Danmark og Norge». Utstillinga vart opna av Dronning Sonja 14. januar – på dagen 200 år etter at Danmark vart tvinga til å gje frå seg Noreg ved freden i Kiel.

Lunsj på Slottet

Etter offisiell fotografering i Fugleværelset heldt Kong Harald og Dronning Sonja lunsj på Det kongelege slottet til ære for besøket. I tillegg til dei to kongepara er både Kronprins Haakon, Kronprinsesse Mette-Marit og Prinsesse Astrid, fru Ferner til stades.
 

Kong Philippe og Dronning Mathilde forlèt Noreg i ettermiddag.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook