Hopp til hovedinnhold

1814-seminar på Stockholms slott

H.K.H. Kronprins Haakon deltok i dag på seminar og konsert på Slottet i Stockholm i høve etableringa av den norske grunnlova i 1814 og 200 år med fred mellom dei nordiske landa.

05.05.2014

Det svenske Kongeparet, Kronprinsesseparet og Prinsesse Christina var òg til stades ved det historiske seminaret i Bernadottebiblioteket og konserten i Slottskyrkan, der «Requiem for kong Carl Johan» vart framført.

200 år med fred

I talen sin ved avslutninga av seminaret viste Kronprins Haakon til dei sterke banda mellom Noreg og Sverige:

– Noreg og Sverige står kvarandre svært nær, og dei historiske banda er utruleg sterke. I dag samarbeider vi godt innanfor alle område – og vi satsar på å utvikle dette samarbeidet vidare.

Kronprinsen trekte òg fram korleis det som skjedde for 200 år sidan, har vore med på å forme dagens to nasjonar:

– For Noregs del var året 1814 inngangen til sjølvstende som nasjon. Og som Kongen sa: For Sverige var det starten på ein periode med samanhengande fred som framleis varer. Unionen batt landa våre saman, men ikkje sterkare enn at det var mogleg å oppløyse han på ein fredeleg måte utan at det kom til krigshandlingar – 91 år etter at han vart inngått, sa Kronprins Haakon.

Grunnlovsjubileet

Noregs ambassade i Stockholm og Bernadottemuseets venneforeining stod bak arrangementet som samla rundt 200 deltakarar. Seminaret starta med eit foredrag av professor Bu Stråth frå Universitetet i Helsinki, som tok opp forandringane som skjedde som følgje av den amerikanske frigjeringskrigen og den franske revolusjonen. Professor Dag Michaelsen frå Universitetet i Oslo følgde opp med eit foredrag om betydninga av den norske grunnlova.

Om knappe to veker vil Det svenske Kongeparet òg vere til stades på jubileumsfeiringa på Eidsvoll 17. mai saman med den danske Dronninga og Prinsegemalen.

Konsert i Slottskyrkan

Noregs eldste oratoriekor Cæciliaforeningen frå Oslo framførte i kveld «Requiem for kong Carl Johan» av Friedrich August Reissiger (1809–1883) i Slottskyrkan saman med solistar og orkester frå Kungliga hovkapellet. Verket vart framført for første gong i Stockholm.

– Kong Carl XIV Johan – eller berre Carl Johan på norsk – er ein viktig del av grunnlovsmarkeringa, understreka Kronprinsen i talen sin tidlegare i dag.

Spora etter den svensk-norske kongen er framleis godt synleg i Noregs hovudstad. På Slottsplassen i Oslo står ryttarstatuen av Carl Johan frå 1875, og litt lenger nede i bakken startar hovudgata i Oslo, Karl Johans gate. Kong Carl Johan tok i si tid initiativet til bygginga av Det kongelege slottet i Oslo.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook