Hopp til hovedinnhold

Beskyttar for friluftslivets år

Kronprins Haakon har takka ja til å vere beskyttar av det nasjonale «Friluftslivets år 2015». Det skal bli det mest inkluderande og effektfulle Friluftslivets år nokon gong, lovar Friluftslivets fellesorganisasjon, FRIFO.

09.05.2014

Bruk av friluftslivet gjev gode opplevingar, auka livskvalitet, ei betre helse og eit rikare liv. Friluftslivets år 2015 skal vere ei nasjonal markering av norsk friluftsliv. Året gjev ein unik sjanse til å vise fram breidda av norsk friluftsliv og gje heile folket eigarskap til naturen.

– Kronprinsen har vorte spurd om å vere beskyttar fordi han representerer ein foreldregenerasjon det er viktig å nå, og fordi Kronprinsen er ein svært god representant for aktive turgåarar, seier styreleiar i FRIFO Dag Kaas.

Eit enkelt og inkluderande friluftsliv

Friluftslivets år har vore arrangert to gonger tidlegare, i 1993 og i 2005, og i 2005 var Hennar Majestet Dronning Sonja beskyttar. Under opninga sa Dronninga: «Friluftsliv er meir enn ein hobby, friluftsliv er ein livsstil og det norskaste av det norske.» I 2015 er det eit mål å gjere dette til noko alle har glede av.

– I 2015 blir det lagt ekstra vekt på eit inkluderande friluftsliv. [...] Barn, unge og barnefamiliar er målgruppene, men det ekskluderer ikkje dei andre samfunnsgruppene. Vi ønskjer å nå dei som er lite aktive, dei som aldri har vore friluftsmenneske, dei som har vanskeleg for å komme seg ut, seier Dag Kaas.

Friluftsliv i nærmiljøet vil vere eit viktig satsingsområde, og fritidsfiske og kulturminne vil òg få ein stor plass.

Forvent deg mykje!

I Friluftslivets år 2015 kan vi forvente gode opplevingar og varierte og spennande friluftstiltak med mål om å motivere til varig friluftsinteresse. I eit større samfunnsperspektiv blir det òg auka fokus på friluftsliv som den beste helseforsikringa.

Friluftslivets år

Markeringa av Friluftslivets år 2015 inngår i ein nasjonal strategi for friluftslivet. Miljødirektoratet har det overordna ansvaret, mens Friluftslivets fellesorganisasjon (FRIFO) står for den praktiske planlegginga og gjennomføringa av året.

FRIFO vart stifta i 1989 og er ein paraplyorganisasjon for 15 store friluftslivsorganisasjonar med over 722 500 medlemskap og 4685 lokale lag og foreiningar. FRIFOs formål er å fremje det naturvennlege friluftslivet og allemannsretten og styrkje arbeidet i medlemsorganisasjonane med å gjere friluftsliv tilgjengeleg for folk

Friluftslivets år byggjer på aktivitetane og kompetansen til friluftsorganisasjonane sjølve. Gjennom året skal dei få midlar til å gjere strategiske sprang dei elles ikkje ville ha hatt sjansen til å gjere.


Kjelde: Frifo.no

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook