Hopp til hovedinnhold

Opning av Festspela

H.K.H. Kronprinsen heldt opningstalen på Festplassen i Bergen i dag. H.K.H. Kronprinsesse Mette-Marit var òg til stades under seremonien som markerte opninga av dei 62. Festspela.

21.05.2014

Frigjering. Det handlar Festspela dette året om, sa Kronprinsen.
– Frigjering frå overmakt, frå tronge rom, frå togn og binding. I staden: Fridom til å meine, til å krysse nasjonale og kunstnariske grenser, fridom til å bruke stemma si og finne identiteten sin – i seg sjølv, og i ein større samanheng.

Den internasjonale festivalen har etablert seg som eit senter for den nordeuropeiske kunstscenen, kjend for urframføringar og nye produksjonar innan musikk, opera, teater og dans. I 2014 blir Festspela arrangerte frå 21. mai til 4. juni, og i løpet av 15 dagar arrangerer festspeldirektør Anders Beyer og medarbeidarane hans 200 arrangement i Bergen.

H.M. Kongen er Festspela sin høge beskyttar.

Opna dei 62. festspela

Kronprinsen og Kronprinsessa kom til Festplassen til fots i føremiddag saman med fylkesmann Lars Sponheim og ordførar Trude Drevland. Det store gratisarrangementet som kickstarta dei 62. Festspela, hadde brei appell, og på scenen vart det både dans, operaperler og heftige rytmar. Sjøforsvaret fekk æra av å opne festen med Sjøforsvarets fanfare «Oppstigning», «Ja, vi elsker» og «Kong Haakon den VIIs Honnørmarsch», før Kronprins Haakon heldt opningstalen sin.

Nystemten

I Bergen er folk, nokså naturleg, svært nysgjerrige på om og korleis «Nystemten» skal framførast under opningsseremonien. I år var det Gabriel Fliflet som stod for framføringa – han står bak versjonen av «Udsigter fra Ulriken» som vart urframført under opninga. Med seg på scenen hadde Fliflet Berit Opheim, Helge Jordal, Olav Tveitane og Martin Myhr.

Forfattar Tor Bomann-Larsen heldt festspeltalen. Talar vart det òg frå statsminister Erna Solberg og ordførar Drevland, mens Ensemble Allegria med solistar og danseensemblet Absence Crew & Schang framførte song- og dansenummer.

Som den store finalen kom fleire hundre barnekoristar på scenen saman med Datarock og Ensemble Allegria. Saman framførte dei verdshiten «Fa fa fa» til stor begeistring.

Offisiell lunsj

Etter opninga reiste Kronprinsparet vidare til Håkonshallen, der ordføraren var vert for Bergen kommunes lunsj i høve festspelopninga.  Ensemble Allegria hadde også rokke å forflytte seg frå Festplassen og stod for dei kulturelle innslaga. Styreleiaren for Festspela i Bergen, Åse Kleveland, heldt tale.

Opningsframsyninga 2014

I kveld vil Kronprins Haakon vere til stades under opningsframsyninga «Stemmer», komponert av Orlando Gough, i Grieghallen.

Festspela i Bergen og Bergen Nasjonale Opera ønskjer velkommen til ei spektakulær, fargesterk og tankevekkjande framsyning om frigjering. Utgangspunktet for verdspremieren er det norske grunnlovsjubileet og fridomskampar i India, Sør-Afrika og Palestina.

I «Stemmer» blir ulike musikalske uttrykk bundne saman med tekstutdrag frå grunnlovstekstar, sjølvstendeerklæringar, protestsongar, folkeviser og motstandslyrikk frå ei rekkje land. Forfattar Astrid Luisa Niebuhr (19) og medlemmer av Fargespill har fått i oppdrag å skrive ei ny norsk grunnlov. Ho skal framførast for første gong i kveld, som den store finalen på framsyninga.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook