Hopp til hovedinnhold

Kronprinsen delte ut Holbergprisen

Ekspert på islams historie og religiøse tenking Michael Cook fekk den vitskaplege utmerkinga Holbergprisen under ein seremoni i Håkonshallen i Bergen i dag.

04.06.2014

Før seremonien tok Den Høgvørde Kronprins Haakon imot prisvinnaren i audiens på Bergenhus Festning.

Holbergprisen blir delt ut årleg ut for framståande vitskapleg arbeid innan fagområda humaniora, samfunnsvitskap, juss og teologi.

Islams historie

I grunngjevinga frå Holbergkomiteen heiter det:

«Michael Cook er en av vår tids ledende eksperter på Islams historie og religiøse tenkning. Han har omdefinert forskningsfelt som osmanske studier, dannelsen av tidlige islamske politiske fellesskap, Wahhabiyyabevegelsens historie og islamsk rett, etikk og teologi.

Hans bidrag til studiet av Islam, fra religionens opprinnelse og frem til i dag, viser at han til fulle behersker tekstlige, økonomiske og samfunnsvitenskapelige tilnærminger til feltet. I tillegg til å legge vekt på den historiske konteksten, fremhever han betydningen av religiøse verdier i utviklingen av den islamske sivilisasjonen fra middelalderen og frem til i dag.»

Nils Klim-prisen til Noregs yngste professor

Da alle hadde funne seta sine i Håkonshallen i ettermiddag, starta Holbergprisens fanfare. Programmet vart innleidd ved Dag Rune Olsen, rektor ved Universitetet i Bergen, før Terje Lohndal (28), professor i engelsk lingvistikk og elles Noregs yngste professor, fekk overrekt Nils Klim-prisen.

Nils Klim-prisen blir tildelt yngre nordiske forskarar under 35 år innanfor Holbergprisens fagfelt. Prisen er på 250 000 kroner og vart delt ut av statsråd Monica Mæland.

Holbergprisen og Nils Klim-prisen

Sigmund Grønmo, styreleiar i Ludvig Holdbergs minnefond, introduserte årets vinnar av Holbergs internasjonale minnepris. Kronprinsen fekk deretter overrekkje prisen til Michael Cook, som til dagleg er professor i Near Eastern Studies ved Princeton University.

Holbergprisen er oppkalla etter forfattaren Ludvig Holberg, som vart fødd i Bergen i 1684. Han vart sidan professor i metafysikk og logikk, latinsk retorikk og historie ved Universitetet i København. Holberg spelte ei viktig rolle i å bringe opplysningstida til dei nordiske landa.

Nils Klim-prisen er oppkalla etter helten i den einaste romanen Ludvig Holberg skreiv.

Ny innsikt

Holbergprisen blir tildelt forskarar som har gjeve eit framståande bidrag anten innanfor eitt av fagområda til prisen eller ved tverrfagleg verksemd. Prisvinnaren skal på avgjerande måte ha påverka internasjonal forsking på området, for eksempel ved å ha utvikla ny teori, kunnskap eller innsikt, ved å ha brukt eksisterande teoriar eller metodar på ein ny måte, eller ved dei metodane vedkommande har brukt.

Prisen er på 4,5 millionar kroner.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook