Hopp til hovedinnhold

Vennskapskamp på Skaugum

Mens dei beste i verda kjempar om heider og ære i Brasil, vart det løkkefotball på Skaugum stadion i ettermiddag. Saman med Noregs Fotballforbund arrangerte Kronprinsparet vennskapskamp mellom Røa Unified og Team Norway.

16.06.2014

Formålet var å setje søkjelyset på grasrotfotball og på kor viktig idretten er som integreringsarena. Og ikkje minst: at fotball først og fremst skal vere gøy.

Laga

Røa Unified er eit fotballag som består av utviklingshemma frå Oslo-regionen. Laget liker å kalle seg Norges mest morosame fotballag og har eksistert i nesten 20 år. Felles har dei ein stor lidenskap for fotball og det gode sosiale miljøet i gruppa. Laget har vore med i Special Olympics i Shanghai i 2007.

Team Norway bestod for høvet av Kronprinsen og Kronprinsessa (kaptein), Mads Møller Dæhli, Jan Åge Fjørtoft, Hanneli Mustaparta, Kjetil André Aamodt og Tina Wulff, Prinsesse Ingrid Alexandra og Prins Sverre Magnus.

6–5 etter ekstraomgang

Det var svært jamt mellom laga, og etter to omgangar var stillinga 5–5. Det måtte ekstraomgang og golden goal til for å avgjere kampen.

Den store profilen var Røa-spelaren Pål Berntsen med nummer elleve på ryggen. Han scora fire av Røas seks mål og vart naturleg nok kåra til banens beste spelar.

Kommentatoren imponert

Det var Arne Scheie som kommenterte kampen for NRK og TV 2, og han meinte at han knapt hadde sett maken til underhaldning. Det var særleg Pål Berntsen som imponerte.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook