Hopp til hovedinnhold

Heidra motstandsmann

I dag kunne Prinsesse Astrid, fru Ferner avduke statuen av motstandsmannen Joachim Rønneberg i fødebyen hans, Ålesund. Rønneberg deltok sjølv under seremonien på Rådhusplasssen, der fleire tusen var møtte fram.

30.08.2014

Rønneberg var fenrik i Kompani Linge og er mest kjend som leiaren av operasjon Gunnerside – sabotasjeaksjonen mot tungtvassanlegget Vemork på Rjukan.

Bronse og granitt

Skulptøren Håkon Anton Fagerås har laga statuen, som er utført i bronse og står på ein sokkel av granitt. I sokkelen er hogd inn namna på alle som deltok i aksjonen mot tungtvassanlegget på Vemork og Fieldfare-operasjonen ved Tafjord. Det var viktig for Rønneberg å få alle namna med, fortalde Fagerås til Sunnmørsposten tidlegare denne veka.

Tungtvassaksjonen

Tungtvassaksjonen er ein av dei mest kjende sabotasjeoperasjonane frå den andre verdskrigen, og han vart følgd med stor interesse av leiarane for dei allierte. Ni nordmenn frå Kompani Linge tok seg usett inn i det strengt vakta anlegget på Vemork, der dei klarte å sprengje hovudreaktoren og stanse produksjonen av tungtvatn.

Alle ni kom seg uskadde ut og tok seg over til Sverige på ski. Aksjonen var etter alt å dømme medverkande til å hindre Hitler-Tyskland i å utvikle atomvåpen. Det finst fleire bøker og filmar om aksjonen.

Seinare vart Joachim Rønneberg send til Tafjordfjella for å organisere sabotasjeaksjonar mot jernbanen og hindre tyske troppetransportar sørover.

Til 95-årsdagen

Statuen er reist på initiativ frå Ålesund Øst Rotary Klubb og Aalesunds museum, og avdukinga skjedde på 95-årsdagen til Rønneberg.

Joachim Rønneberg har motteke ei rekkje utmerkingar for krigsinnsatsen sin og er blant anna innehavar av St. Olavsmedaljen og Krigskorset med sverd – Noregs høgaste utmerking.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Prinsesse Astrid avduker statue av motstandsmannen Joachim Rønneberg i Ålesund. Foto: Christian Lagaard, Det kongelige hoff.
Relaterte lenker