Hopp til hovedinnhold

- Stor fan av rå el-bilar

H.K.H. Kronprinsen heldt i dag eit innlegg om berekraftig utvikling og kvifor det er god grunn til å vere teknologioptimist under konferansen Manifestasjon i Trondheim.

17.09.2014

Over 700 leiarar og nøkkelpersonar frå nærings- og samfunnsliv i Trondheimsregionen deltok på næringslivsarrangementet og nettverksarenaen denne hausten, Manifestasjon 2014.

– Teknologioptimist

Kronprins Haakon innleidde under opninga av konferansen saman med konsernsjef i Vattenfall Øystein Lønseth.

– Eg er ein teknologioptimist. Eg har alltid trudd på at teknologien vil gå framfor og gje folk dei produkta vi eigentleg vil ha – og som gjer oss miljøvennlege på kjøpet, utan at forbrukaren nødvendigvis må vere bevisst driven av idealisme. Derfor er eg blant anna ein stor fan av rå elbilar og dei bilane som folk vil ha fordi dei er dei beste og tøffaste, ikkje fordi ein av plikt føler at ein må kjøpe ein sånn middels stilig miljøvennleg bil, sa Kronprinsen i innleiinga si.

Kommersialisering

Temaet for årets konferanse var kommersialisering, med særleg vekt på kommersialisering av teknologi.

I tillegg til Kronprins Haakon var rundt femti foredragshaldarar og møteleiarar i sving under dagens arrangement på Scandic Lerkendal i Trondheim. Næringskonferansen Manifestasjon blir i år arrangert for tiande gong, og bak står Næringsforeningen i Trondheimsregionen.

Møte med unge gründerar

Kronprins Haakon starta besøket i Trondheim med ein lunsj saman med unge gründerar, noko han trekte fram i talen seinare den dagen:

– Dei unge gründerane gav meg enda fleire grunnar til å vere teknologioptimist. IT-selskapet Boost Communications har på kort tid vakse til å bli blant dei leiande i verda innan mobil marknadsføring og har i dag kontor i London, Dubai og Johannesburg – i tillegg til Oslo og Trondheim. Aptomar – som har base her i Trondheim – har utvikla ein sensor for å berekne tjukkleiken og spreiinga av olje på havoverflata – og har i kraft av dette arbeidd seg inn i nasjonale spesifikasjonar for oljevern over heile verda.

Grønt perspektiv

At eit grønt perspektiv er viktig, gjekk som ein raud tråd gjennom talen.

– Noreg gjer mykje – og energisektoren er godt i gang med å leggje til rette for ei omstilling. Vi har komme langt på karbonfangst og lagring. Men eg trur vi må fokusere på fleire område: Korleis vi byggjer husa våre, korleis vi driv produksjon og transport. Eg er nokså sikker på at alle som integrerer eit grønt perspektiv i verksemda si, vil vinne på det – mens dei som utelèt dette perspektivet, sakte vil sakke akterut, sa Kronprinsen.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook