Hopp til hovedinnhold

Opna «Nutida nordisk grafik»

Stiftinga bak Dronning Sonjas grafikkpris «Queen Sonja Print Award» opna i dag ei utstilling på Waldemarsudde i Stockholm. Hennar Majestet Dronninga stod sjølv for opninga.

25.09.2014

Prisen som ber Dronningas namn, har alt fått stor merksemd, mykje takk vere dei dyktige kunstnarane som var nominerte til prisen i 2014.

Utstillinga «Nutida nordisk grafik» består av verk frå alle dei fjorten nominerte til Queen Sonja Print Award i 2014, inklusive vinnaren, den danske kunstnaren Svend-Allan Sørensen. Vinnaren frå 2012, den finske kunstnaren Tiina Kivinen, er representert, og verk av grunnleggjarane av kunststiftinga – Kjell Nupen, Ørnulf Opdahl og Dronning Sonja – er òg ein del av utstillinga.

– Det var ein draum som gjekk i oppfylling da eg for nokre år sidan fekk byrje å arbeide saman med kunstnarane Kjell Nupen og Ørnulf Opdahl – og meistertrykkjar Ole Larsen. Resultatet av dei første forsøka våre kan de sjå i rommet her ved sida av, sa Dronning Sonja i opningstalen sin.

Utstillinga vil stå frå 27. september 2014 til 17. januar 2015.

Prisen blir internasjonal

Salet av kunstmappa «Tre Reiser, tre landskap» la det økonomiske grunnlaget og gav såleis startskotet til etableringa av stiftinga og prisen. I talen sin framheva Dronning Sonja avgjerda til stiftinga om å auke ambisjonen sin for prisen: Han skal bli ein internasjonal pris med namnet The Queen Sonja Print Award.

Ønsket er å stimulere den grafiske kunsten og løfte han opp til det nivået han fortener blant kunstnarlege uttrykk. Prisen vil utvide nedslagsfeltet sitt ved å søkje kandidatar over heile verda. Dette blir dermed den største prisen innan grafisk kunst vi kjenner til i verda i dag.

Nominerte 2014

Nominerte kunstnarar til prisen for 2014 var Mikael Kihlman, Svend-Allan Sørensen, Vappu Johansson, Adam Saks, Annu Vertanen, Minako Masui, Elina Sipilä, Hugleikur Dagsson, Cathrine Dahl, Ørjan Aas, Valgerdur Hauksdottir, Ane Mette Hol, Tuula Lehtinen og Daniel Milan.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook