Hopp til hovedinnhold

Verdas synsdag 2014

I dag blir Verdas synsdag markert landet over. Prinsesse Märtha Louise tok del i markeringa i Universitetets aula, der samanhengen mellom synsvanskar og diabetes var temaet.

09.10.2014

Det er Verdas helseorganisasjon (WHO) som står bak Verdas synsdag. Målet deira er å fjerne hovudårsakene til synsvanskar som kunne vore unngått, innan 2020. Markeringa i Oslo starta med eit fagseminar på Ullevål sjukehus, før Norges Blindeforbund inviterte til paneldebatt i Aulaen.

Synsvanskar og diabetes

I vestlege land er diabetes (retinopati) den viktigaste enkeltårsaka til at personar i yrkesaktiv alder mistar synet – heilt eller delvis. Dette kjem av ein skade på netthinna som oppstår dersom blodsukkeret er for høgt over lengre tid.

I Universitetets aula delte fagpersonar kunnskapen sin og erfaringa si gjennom innlegg og panelsamtalar. Dei tok opp spørsmål som desse:

  • Korleis unngå komplikasjonar som følgje av diabetes?
  • Korleis er det å leve som synshemma diabetikar?
  • Korleis oppdage og førebyggje synshemming forårsaka av diabetes?

Beskyttar

Prinsesse Märtha Louise har følgt Blindeforbundet som beskyttaren deira i ei årrekkje. I dag følgde ho samtalane i Aulaen saman med assisterande generalsekretær Arnt Holte og forbundsleiar Atle Lunde, som òg runda av arrangementet. Siste «ord» fekk Ole Edvard Antonsen, som stod for musikalsk følgje undervegs og avslutta det heile med eit preludium. Sverre Fuglerud var dagens konferansier.



Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook