Bispevigsel i Tromsø
Hans Majestet Kongen var til stades da Olav Øygard vart vigsla til biskop i Nord-Hålogaland i ei fullsett Tromsø domkyrkje søndag. Den høgtidelege seremonien vart leidd av preses i Bispemøtet, biskop Helga Haugland Byfuglien.
– Det er ein reell fare for at Downs syndrom kan bli nærmast utrydda i den rike delen av verda. Det finst berre éin kur mot det syndromet, og det er at nokre menneske skal bli nekta å bli fødde og vekse opp. Vi skulle gjerne ha ein kur mot eit samfunn som tenkjer slik om menneske, sa Olav Øygard i den første preika si som biskop i Nord-Hålogaland.
Bispedømmet omfattar Troms og Finnmark fylke – noko som prega gudstenesta ved at skriftlesinga gjekk føre seg på kvensk, samisk og norsk.
Kongen vart motteken av preses Byfuglien da han kom til domkyrkja søndag føremiddag. Til stades var òg statsrådane Thorhild Widvey og Elisabeth Aspaker og sametingsråd Ann-Mari Thomassen.
Etter gudstenesta deltok Kong Harald på ein lunsj på Ishavshotellet til ære for den nye biskopen. Dei kunstnarlege innslaga stod Alfheim Rockers og Alta Motettkor for, mens leiaren i Kyrkjerådet Svein Arne Lindøe og leiaren i bispedømmerådet Anne Marit Bakken heldt helsingstalar.
Tilsett 25. september
Olav Øygard vart tilsett som ny biskop i Nord-Hålogaland bispedømme 25. september. Øygard avløyser Per Oskar Kjølaas som biskop i dei to nordlegaste fylka. Tilsetjinga skjedde på kyrkjerådsmøtet i Tromsø.
Valet stod mellom dei tre kandidatane som hadde størst oppslutning i den rådgjevande kyrkjelege avrøystinga: prost i Alta Olav Øygard, domprost i Tromsø Herborg Oline Finnset og seksjonssjef i Kyrkjerådet Hans Arne Akerø, skriv Den norske kyrkja på heimesidene sine.
Det er den tredje gongen Kyrkjerådet tilset biskop etter at tilsetjingsmakta vart overteken frå Kongen i kyrkjeleg statsråd. Kyrkjerådet står fritt til å tilsetje ein av dei tre kandidatane som står att etter den kyrkjelege avrøystinga.
Tidlegare prost i Alta
Biskop Øygard kjem frå stillinga som prost i Alta, der han har vore sidan 2011. Han har tidlegare vore skoleungdomsprest i Finnmark, vikarprest i Kautokeino og sokneprest i Sør-Varanger. Han har òg vore tilsett som rådgjevar ved familievernkontoret i Alta. Øygard har blant anna etterutdanning i samisk.
Aktuelle saker
Samarbeid i Seattle
- Gjennom århundrene har millioner av mennesker tatt med seg sine håp og drømmer til USA. Noen har kommet for å oppleve et eventyr, andre for å klare å overleve eller for å forbedre livet for seg selv og sin familie, sa Kronprinsen da han innledet besøket til Seattle.
Det kongelige hoffs årsrapport for 2023
Kongehusets aktiviteter gjennom året speiler Norge i dag. Kongefamiliens reiser til 47 kommuner, offisielle besøk til fem europeiske land, ulike arrangementer sammen med det norske forsvaret samt søkelys på landets beredskap, viser både hva som er viktig for Norge og hva Kongefamilien er engasjert i.