Hopp til hovedinnhold

Møte med Bellona

Miljøstiftinga Bellona arbeider på mange område, og i dag fekk H.K.H. Kronprinsregenten ei innføring. Det handla om energi, klima, avfall, olje – og grønsaksdyrking i Sahara.

27.11.2014

Kronprins Haakon vart motteken av stiftar og fagleg leiar av Bellona, Frederic Hauge, da han kom til lokala til miljøstiftinga på Vulkan i Oslo. Kronprinsregenten fekk ei omvising og helsa på dei tilsette før det faglege programmet starta med ein introduksjon av arbeidet, utfordringane og strategien til Bellona ved fagsjef Hallstein Havåg.

Og øvst på lista over utfordringar, slik Bellona ser det: Klima. Men òg spreiing av miljøgifter, berekraftig ressursbruk, tilgang på mat og vatn, kamp mot fattigdom og arbeid for biologisk mangfald er vesentlege tema i åra som kjem.

Miljøspørsmål i 28 år

Miljøstiftinga Bellona vart grunnlagd i 1986 og har i dag 65 medarbeidarar med brei fagleg bakgrunn. Bellona jobbar på mange område: industri, avfall og gjenvinning, energi, havbruk, bygg, samferdsel, olje og gass, skipsfart og klima. Dei fagansvarlege blir ofte brukte som kjelder og ekspertar innan klimaspørsmål i både nasjonal og internasjonal presse.

Samarbeid for varige løysingar

Rådgjevar Sirin Engen fortalde om karbonfangst og lagring, og rådgjevar Karl Kristensen heldt eit foredrag med tittelen «Giftfritt, miljøavgifter og avfall».

Bellona meiner at dersom vi skal oppnå varige resultat, må vi i fellesskap jobbe fram dei beste samfunns- og miljøløysingane – og gjere dei bedriftsøkonomisk lønnsame. Samarbeid er sentralt: Styresmakter, kunnskapsorganisasjonar, miljøverninteresser og næringsliv må arbeide saman om dette. Henrik Lund fortalde nærare om korleis Bellona samarbeider med næringslivet.

Dyrkar grønsaker i Sahara

Shipping, olje og berekraftig ressursbruk i relasjon til Arktis vart gjennomgått av rådgjevar Sigurd Enge, før Frederic Hauge delte engasjementet sitt for batteri, lagring og hybrid under overskrifta «Energi og klima». Transport til sjøs ligg langt etter landbasert verksemd når det gjeld elektrifisering, men potensialet er enormt, påpeika Hauge, som kunne fortelje om revolusjonerande elteknologi for skip.

Etter lunsj heldt programmet fram, og Joakim Hauge fortalde om Bellonas Sahara Forest Project. Her blir det dyrka grønsaker i Sahara ved hjelp av saltvatn og lokal sysselsetjing.

Etter foredraga vart besøket avslutta med fagleg samtale.



Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook