Hopp til hovedinnhold

Dissimilis song jula inn

Tradisjonen tru syng og speler Dissimilis jula inn i Lommedalen kyrkje, og Prinsesse Astrid, fru Ferner var også i år gjest under dagens framsyning, «Den magiske nisseluen».

06.12.2014

Igjen får publikum sjansen til å følgje ei lita jente og ein liten gut som må redde jula ved å finne alle songane og historiene som er forsvunne ut av den magiske nisselua. Gjer dei ikkje det, blir det nemleg inga jul.

Da Prinsessa kom til kyrkja, fekk ho blomster av Stella Stenros og Markus Sagen. Saman med blant andre ordførar Lisbeth Krog, generalsekretær i Dissimilis Liv B. Kvinlog, kapellan Elise Bjerkreim-Berntsen og kulturminister Torhild Widvey såg Prinsesse Astrid årets framsyning.

Pantsette huset

Dissimilis kompetansesenter har enkeltindividet i fokus og legg til rette kulturelle fritidsaktivitetar for menneske med utviklingshemming. Oppstarten til organisasjonen er noko for seg sjølv og er attgjeven på heimesidene deira:

For over 30 år, siden, i 1982, hadde Kai Zahl sin sønn, Børge, lyst til å spille i band som sin pappa. Kai tok utfordringen og satte seg ned ved kjøkkenbordet med fargeblyanter.

Fem år senere ville Dissimilis ha forestilling i Oslo konserthus, Oslos storstue. Nei, sa Oslo konserthus. Det er umulig. Ja, hørte Kai. Han pantsatte huset og leide Oslo konserthus. Galskap, mente mange. Men han klarte det umulige. Han fylte Oslo konserthus 9 ganger den høsten, med musikalen Dissimilis. Ensemblet fikk juryens hederspris under Spellemannprisen i 1987, og Kai Zahl fikk Teskjekjerringprisen for 1987. 1,5 millioner i overskudd ga grunnlaget for det som nå ikke bare en nasjonal, men også internasjonal organisasjon.

Fargekodesystem for notar

I 1978 utvikla Arne Furuseth eit fargekodesystem som erstatning for notar, slik at utviklingshemma skulle få sjansen til å spele i band. I 1982 overførte Kai Zahl fargekodesystemet frå lerret til lyspærer. Dette resulterte i det som fekk namnet Blostoppbandet. I 1985 vart Dissimilis stifta. I dag har forbundet rundt 700 medlemmer fordelte på 85 grupper i Noreg. I tillegg har forbundet grupper i andre land som Sverige, Spania, Cuba, Den dominikanske republikken og Russland.

Beskyttar for Dissimilis

Etter kvart vart det oppretta tilsvarande grupper over heile landet, og i 1992 vart Landsforbundet Dissimilis danna som ein paraplyorganisasjon for desse gruppene. I dag ber paraplyorganisasjonen namnet Dissimilis Norge. Året etter vart stiftinga Dissimilis kultur- og kompetansesenter oppretta. Prinsesse Astrid, fru Ferner er beskyttar for landsforbundet.

 

Relaterte lenker

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook