Hopp til hovedinnhold

Langeleiken etter Johannes Halden (1844–1936)

I november i 2014 opna ei unik instrumentutstilling på Valdres Folkemuseum på Fagernes. I sentrum for utstillinga står landets eldste strengeinstrument – og ein 200 år gamal langeleik frå Det kongelege slottet.

23.01.2015

Folkemusikk har i over 60 år vore eit viktig satsingsområde for Valdresmusea. Dei siste åra har ein arbeidd med dokumentasjon og kartlegging av det eldste langeleikmaterialet i Noreg. På bakgrunn av omfattande undersøkingar utført av folkemusikkarkivar ved Valdresmusea, Elisabeth Kværne, og musikkansvarleg ved Norsk senter for folkemusikk og folkedans, Bjørn Aksdal, kan ein no presentere ny kunnskap om langeleiken si historie i Noreg.

Det er eit rikt og mangfaldig materiale forskarane har arbeidd med. For den som meiner å vite korleis ein langeleik ser ut, han bør derfor førebu seg på eit overraskande møte med det gamle instrumentet. Her er kjente dekorelement som akantusranker og profilliner, men også fiskar, revar, dansarar og kyrkjespir. Formane har òg endra seg gjennom tidene.

Kongeleg langeleik

Eit viktig bidrag i utstillinga er ein langleik tilhøyrande Det kongelege slottet. Opphavleg var det spelemannen Johannes Halden (1844–1936) frå Åbjør i Valdres som åtte denne. Vinteren 1907/1908 gav han leiken til fire år gamle kronprins Olav.

Johannes Halden er særleg kjend for sine kongelege spelferder. I ein artikkel i avisa Valdres 18. november 1908 fortel Halden at han "i fjor vinter var oppe på Voksenkollen og lærte kronprins Olav at spille Gubba Noa. Han fikk en eldgammel langeleik av mig, men han var ikke sterk nok i fingrene, saa jeg måtte trykke lidt på dem, mens han spilte. Der var fint. Jeg blev der helt til kongen sa Olav skulde si adjø til mig".

Langeleiken etter Halden er hola ut av eitt trestykke og er utan botn. Instrumentet har fåe dekorelement, med unnatak av eit vakkert lydhol og fine utskorne akantusranker i stillarhusa. Dessutan har leiken fått namn etter eigaren. «Kronprins Olav» er måla inn med raude og svarte gotiske bokstavar på eine langsida.

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook