Hopp til hovedinnhold

Bidreg til global aidskampanje

NORAD utarbeider ein global kampanje for å fremje aidssaka i dei nye berekraftmåla til FN. H.K.H. Kronprinsessa deltok på stiftingsmøtet i går.

28.01.2015

Det blir no jobba intensivt frå mange bidragsytarar med dei nye berekraftmåla som skal avløyse FNs tusenårsmål i 2015. Erfaringar frå arbeidet som er gjort hittil, viser at anerkjenning av seksuell og reproduktiv helse og rettar (SRHR) er eit av dei mest kontroversielle temaa i forhandlingane. Samtidig er SRHR eit viktig bidrag til berekraftig utvikling.

Mobiliserer ungdom

Norad samlar derfor samarbeidspartnarar frå Noreg og verda for å utarbeide ein global kampanje for å mobilisere ungdom i utviklingsland til å setje eiga helse og rettar på post 2015-agendaen.

Kronprinsesse Mette-Marit deltok på stiftingsmøtet 27. januar i kraft av si rolle som spesialutsending for UNAIDS. Møtet er eit samarbeid mellom International Women’s Health Coalition, Restless Development, UNAIDS og Norad.

Tidenes største ungdomsgenerasjon

1,8 milliardar ungdommar i alderen 10 til 24 år utgjer 25 prosent av befolkninga i verda. Afrika er det yngste kontinentet med 200 millionar menneske mellom 15 og 24 år. 70 prosent av dei lever for under to dollar om dagen. At ungdom deltek og samarbeider, er essensielt for å sikre at både politikk og program på SRHR treffer livet til unge menneske. I dag finst det ingen felles ungdomsleidd – eller eigen – kampanje som har som mål å mobilisere ungdom på landnivå. Dette er utgangspunktet for organisasjonane som møtest til idédugnad i Oslo 27.–29. januar.

Mål: SRHR skal inkluderast

Kampanjen skal gå frå februar til september 2015 og skal avsluttast rett før verdas statssjefar møtest for å vedta berekraftmåla under generalforsamlinga i FN. Målet er å få seksuell og reproduktiv helse og rettar inkluderte som berekraftmål, med klare indikatorar som landa skal målast på.
Kjelde: Norad.no

Hjartesak for Kronprinsessa

Kronprinsesse Mette-Marit har sidan 2009 følgt ungdomsarbeidet innanfor hiv tett og har lenge vore ein pådrivar for at ungdom skal delta og ha leiarskap i internasjonalt hivarbeid.

I 2009 var Kronprinsessa blant anna vertskap for Oslo Young Leaders Summit, som resulterte i etableringa HIV Young Leaders Fund. Dette er ein ungdomsleidd finansieringsmekanisme for tiltak leidd av ungdom retta inn mot hivpositiv ungdom og andre sårbare ungdomsgrupper på landnivå. Kronprinsessa var òg med på å introdusere ACT! 2015-initativet, som den nye kampanjen skal byggje på.

 

 

 

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook