Hopp til hovedinnhold

"One year to go"

H.K.H. Kronprins Haakon avduka nedteljingsuret til Ungdoms-OL onsdag kveld. Det er eitt år – 365 dagar – til det brakar laus på Lillehammer.

12.02.2015

Dei vinterolympiske ungdomsleikane blir arrangerte for andre gong i 2016. I løpet av 10 dagar vil 1100 utøvarar mellom 15 og 18 år vere i aksjon. Dei kjem frå 70 nasjonar og vil konkurrere i 70 ulike øvingar – nokre av dei nye – innanfor dei sju vintergreinene.

Men Ungdoms-OL handlar òg om meir enn idrettsprestasjonar og idrettsglede: Gjennom Learn & Share står òg kultur og læring sentralt i leikane. Både utøvarar og annan ungdom kan delta på tema som Olympiske verdiar, Helse og velvære, Sosialt ansvar og meir.
Kjelde: Lillehammer2016.no

365 dagar igjen

Nedteljinga til Lillehammer 2016 skal markerast fleire dagar til ende, både på Hamar, Lillehammer og Gjøvik. Onsdag kveld var det klart for folkefest i Lillehammer og avduking av uret som skal telje ned dei siste 365 dagane fram til leikane startar.

Kronprins Haakon kom til lokala til Ungdoms-OL om ettermiddagen for ei orientering om arbeidet med organiseringa. I tillegg til det reint sportslege blir det lagt opp til eit unikt samarbeid mellom idretten og utdannings- og kulturinstitusjonar. Eit eksempel på dette er eit indremedisinprosjekt initiert av Sjukehuset Innlandet. Det går ut på å skape eit behandlingstilbod i det offentlege helsevesenet for toppidrettsutøvarar, auke kompetansen innan idrettsmedisin og dessutan støtte idrettsarrangement og forsking.

Kronprinsen fekk òg møte greinleiarar og arenaleiarar, i tillegg til eit kort fellesmøte om status for Ungdoms-OL og samarbeidet med Global Dignity. Kronprinsen sit i hovudkomiteen for Dei olympiske ungdomsleikane på Lillehammer. Komiteen fungerer som eit rådgjevande organ for styret for Ungdoms-OL, og det vart tid til eit arbeidsmøte før ein drog til Lilletorget der nedteljinga skulle begynne.

Nedteljingsseremoni

På Lilletorget i Lillehammer var det folkefest. Kulturminister Thorhild Widvey heldt kveldens første tale, etterfølgd av Stephen Urquhart og IOCs representant.

Sjølve avdukinga av nedteljingsuret stod Kronprinsen for, saman med den unge ishockeyspelaren Carl Erik Kråbøl (14).

Madshus, Biri

Kronprins Haakon hadde eit tett program onsdag. Før besøket i Lillehammer besøkte Kronprinsen den norske skifabrikanten Madshus på Biri.

Dagleg leiar i Madshus Nils Hult gav ei kort orientering om bedrifta og gav ei omvising i produksjonslokala. Her fekk Kronprinsen innsikt i korleis ski blir produserte, frå A til Å. Rundt 93 000 par ski forlét produksjonsanlegget på Biri i 2014 – og totalt stod Madshus bak 180 000 skipar i fjor. Verksemda eksporterer til 25 land, men det er Noreg, Sverige og Finland som utgjer dei viktigaste marknadene, saman med Russland, Tyskland og USA.

Cyberforsvaret ved Jørstadmoen

Frå Biri drog Kronprinsen vidare til Jørstadmoen, der han inspiserte vaktstyrken etter ei kort orientering om aktiviteten i leiren.

Cyberforsvaret driftar og forsvarer datasystema, nettverka og høgteknologiske plattformer i Forsvaret mot angrep i og frå cyberdomenet. Etter lunsj i messa "Altona Sør" gav leiaren av  CYFOR ei orientering om

  • rolla og oppgåvene til Cyberforsvaret
  • cyberdomenet og Forsvarets bruk av det digitale rommet
  • samarbeid og avhengigheiter
  • modernisering og utvikling av Forsvaret

Deretter orienterte sjefen for Avdeling for vern av kritisk infrastruktur om handtering av digitale trugsmål og utfordringar for Forsvaret.

Kronprinsen fekk òg møte elevar frå Forsvarets ingeniørhøgskole som diskuterte «En utdanning i tre deler: Soldaten, lederen og ingeniøren».

Frå Jørstadmoen gjekk så turen til Lillehammer og arrangementa for Ungdoms-OL 2016.

 

11. januar var det ett år igjen til Ungdoms-OL på Lillehammer. Kronprinsen avduket det offisielle nedtellingsuret som du nå kan se på Lilletorget i OL-byen. Foto: Christian Lagaard, Det kongelige hoff.

Del denne artikkelen på Facebook eller Twitter

Del på Twitter Del på Facebook